Reportasje

Noko om brannen i Karlstad

Karlstad etter brannen i 1865: Kvartalet ved Västra bron ligg i ruinar.
Karlstad etter brannen i 1865: Kvartalet ved Västra bron ligg i ruinar.
Publisert

Klokka ti søndag morgon den 2. juli 1865 gjekk den 20 år gamle læreguten Olof Nilsson inn i Ericsons Bageri i Skepparegatan i Karlstad. Saman med bakarsveinane Jörgen og Carl August skulle han rake ut to famnar ved som hadde lege til tørk i bakaromnen over natta. Carl August drog ut vedskiene og la dei på golvet. Han såg at nokre av dei var brunsvidde, men som han sa under rettssaken: «Jag betraktade noga den uttagna veden og forsäkrade mig om at det inte var någon fara för eld».

Dei to sveinane hadde gjort sitt, klokka var halv elleve, sola skein frå klår himmel, dei sa:

– Fan! Det är söndag. Nu går vi.

Olof blei verande igjen for å vaske over, men etter ein halvtime gjekk også han. Kva som så hendte er uklart, men klokka 11.20 gjorde nokon varselskrik:

– Elden är lös i bageriet!

Bakeriet i Skeppargatan var alt overtent, og brannen spreidde seg raskt mellom dei knuskturre trehusa i den tettbygde staden. Kyrkjeklokkene larma. Forfattaren Gustaf Fröding, som var fem år gamal, skulle mange år seinare minnest denne dagen:

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement