No koma Guds englar
Salmen eg har valt, er ein julesalme, ein jubelsalme.
Gildeskål gamle kyrkje.
Foto: Roar Johansen / Wikipedia
Eg elskar salmane til Blix. Til dagleg arbeider eg som kyrkjemusikar og organist i Skjerstad og Misvær, ein liten kyrkjelyd i Bodø domprosti, så salmar er sånn sett mitt fag. Faktisk arrangerer eg salmekveldar i kyrkjelyden nesten heile året. Salmar er etter mi meining ein svært undervurdert skatt vi som folk burde ta mykje meir i bruk. Her er levd liv, visdom og dyrkjøpt erfaring samla i hundrevis av år.
Salmen eg har valt, er ein julesalme: «No koma Guds englar med helsing i sky». Det er ein jubelsalme. Alle dei åtte versa sluttar med strofa: «Vår fredsfyrste høgt vere lova!» Og uttrykket «Guds fred» går også igjen i nest siste strofe i alle vers.
Det er verdt å leggje merke til at Elias Blix nyttar utropsteikn i begge dei siste strofene i alle åtte vers. Det er som om han vil rope dette ut. «Guds fred og vel møtt, du barn som er født! Vår fredsfyrste høgt vere lova!» (vers 1) eller «Syng ut i kvar bygd: Guds fred i frå høgd! Vår fredsfyrste høgt vere lova!» (vers 7).
«No koma Guds englar» er full av naturskildringar, mange av dei knytte til Elias Blix’ heimplass, Gildeskål i Nordland. Han veit vel kva «hardaste vinter» er, og når han i tredje verset skriv at «der ute er jordi så isande kald, og trei stend svarte i skogen», veit han noko om frost og hard vinter. Og når han i sjette verset skriv om klokkene som «tima frå tårn», har han nok kyrkjeklokkene i Gildeskål kyrkje høgt oppe i tankane. Elias Blix hadde sterke band til heimplassen sin, sjølv om han ikkje kom attende og fekk bu der i vaksen alder.
Eit anna særtrekk i forfattarskapen til Blix er bokstavrim. Det finn vi mange eksempel på i denne salmen. Særleg i andre verset er dette så vakkert når Blix skriv: «Til frelsa den fyrste er kåra og krynd og komen til løysing og lukka».
«No koma Guds englar» har ein folketone frå Vest-Agder i salmeboka, han er godt kjend for mange og fungerer godt. Men det finst i alle fall eitt godt alternativ i ein folketone frå Lofoten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.