No koma Guds englar
Salmen eg har valt, er ein julesalme, ein jubelsalme.
Gildeskål gamle kyrkje.
Foto: Roar Johansen / Wikipedia
150 år med norsk kyrkjesong
Elias Blix
I år er det 150 år sidan Elias Blix gav ut det vesle heftet Nokre Salmar. Gamle og nye (1869), den aller fyrste salmeboka på norsk.
Dag og Tid markerer dette kulturspråklege vasskiljet med fire artiklar om Blix.
Del 3

Eg elskar salmane til Blix. Til dagleg arbeider eg som kyrkjemusikar og organist i Skjerstad og Misvær, ein liten kyrkjelyd i Bodø domprosti, så salmar er sånn sett mitt fag. Faktisk arrangerer eg salmekveldar i kyrkjelyden nesten heile året. Salmar er etter mi meining ein svært undervurdert skatt vi som folk burde ta mykje meir i bruk. Her er levd liv, visdom og dyrkjøpt erfaring samla i hundrevis av år.
Salmen eg har valt, er ein julesalme: «No koma Guds englar med helsing i sky». Det er ein jubelsalme. Alle dei åtte versa sluttar med strofa: «Vår fredsfyrste høgt vere lova!» Og uttrykket «Guds fred» går også igjen i nest siste strofe i alle vers.
Det er verdt å leggje merke til at Elias Blix nyttar utropsteikn i begge dei siste strofene i alle åtte vers. Det er som om han vil rope dette ut. «Guds fred og vel møtt, du barn som er født! Vår fredsfyrste høgt vere lova!» (vers 1) eller «Syng ut i kvar bygd: Guds fred i frå høgd! Vår fredsfyrste høgt vere lova!» (vers 7).
«No koma Guds englar» er full av naturskildringar, mange av dei knytte til Elias Blix’ heimplass, Gildeskål i Nordland. Han veit vel kva «hardaste vinter» er, og når han i tredje verset skriv at «der ute er jordi så isande kald, og trei stend svarte i skogen», veit han noko om frost og hard vinter. Og når han i sjette verset skriv om klokkene som «tima frå tårn», har han nok kyrkjeklokkene i Gildeskål kyrkje høgt oppe i tankane. Elias Blix hadde sterke band til heimplassen sin, sjølv om han ikkje kom attende og fekk bu der i vaksen alder.
Eit anna særtrekk i forfattarskapen til Blix er bokstavrim. Det finn vi mange eksempel på i denne salmen. Særleg i andre verset er dette så vakkert når Blix skriv: «Til frelsa den fyrste er kåra og krynd og komen til løysing og lukka».
«No koma Guds englar» har ein folketone frå Vest-Agder i salmeboka, han er godt kjend for mange og fungerer godt. Men det finst i alle fall eitt godt alternativ i ein folketone frå Lofoten.
Mor mi var ei dame som kunne sin Blix. Ikkje berre første, men alle vers i nesten alle Blix-salmar trur eg ho kunne seie fram utan bok. Eg visste at nett denne salmen, «No koma Guds englar», var ein av dei ho sette høgast og var særs glad i. Derfor song både eg og mannen min denne for ho dei siste dagane ho levde.
Siste kvelden sat mannen min hos mor og song denne salmen. Han er ikkje heilt stø i alle versa, særleg når ein nærmar seg slutten. Så da han var komen til sjette og sjuande verset og lyset i rommet var såpass svakt at han sleit med å lese teksten, blei det litt famling. Mor, som ikkje lenger greidde snakke, opna auga frå døsen, såg rett på han da det klussa seg til, og ville tydeleg hjelpe han vidare. Ho visste så vel ordlyden i denne kjære salmen.
«Guds fred og farvel! No sovnar eg sæl. Vår fredsfyrste høgt vere lova!» Det er ord ein kan både leve og døy på.
Hildur Eli Gryt
Hildur Eli Gryt er kyrkjemusikar og organist i Skjerstad og Misvær kyrkjelyd.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

No koma Guds englar med helsing i sky.
Guds fred og velsigning dei bjoda.
No stig ifrå jordi ein helgasong ny,
som skal gjennom himmelen ljoda:
Guds fred og vel møtt,
du barn som er født!
Vår fredsfyrste høgt vere lova.
Til frelsa den fyrste er kåra og krynd
og komen til løysing og lukka
for menneskeborn som er fødde i synd
og alt uti vogga må sukka.
Guds fred med dei små
som honom fekk sjå!
Vår fredsfyrste høgt vere lova!
I djupaste mørker vart himmelen klår,
då stjerna av Jakob seg viste.
I hardaste vetter det grønkar som vår,
og fagraste knupp spring av kviste.
Guds fred og god jol
med sumar og sol!
Vår fredsfyrste høgt vere lova!
Der ute er jordi så isende kald
og trei stend svarte i skogen.
Men Isai stuv, som til frelsa er vald,
skyt livskvisten fager og mogen.
Guds fred med den tein
av grønkande grein!
Vår fredsfyrste høgt vere lova!
No stjerna frå Betlehem lyser om land
frå høgsal til armaste hytta.
Det ljosnar så vent over dalar og strand
der inn hennar strålar få glytta.
Guds fred over mold!
Vår sol og vårt skjold,
Vår fredsfyrste høgt vere lova!
No ljodar ein lovsong frå alle Guds born,
på alle folks tunger dei kveda.
Så vide som klokkone tima frå tårn,
stig tonar av hugnad og gleda.
Alt kling som i kor:
Guds fred over jord!
Vår fredsfyrste høgt vere lova!
Lat gjetordet ganga frå grend og til grend,
så vida som tunga kan mæla,
om Sonen som er oss frå himmelen send
all verdi til siger og sæla!
Syng ut i kvar bygd:
Guds fred ifrå høgd!
Vår fredsfyrste høgt vere lova!
Den freden meg fylgje frå vogga til grav,
meg hugge i såraste suter!
Så seier eg når eg frå verdi fer av
og døyande hovudet luter:
Guds fred og farvel!
No sovnar eg sæl.
Vår fredsfyrste høgt vere lova!
«No koma Guds englar» stod i det tredje heftet av Nokre Salmar frå 1875.
Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?