Mat

New York, New York

Steve Winwood og Eric Clapton i den fyrste av dei tre konsertane i Madison Square Garden.
Steve Winwood og Eric Clapton i den fyrste av dei tre konsertane i Madison Square Garden.
Publisert

Eg har aldri opplevd Amerika, men eg har vore i New York. Det er jo ikkje kvar dag ein kan oppleve gitarguddommen Eric Clapton saman med Steve Winwood i den drustelege Madison Square Garden.

Difor sette to musikkgalne kompisar kursen mot The Big Apple ein bikkjekald februar i 2008. På flyet fylte vi samvitsfullt ut turistskjemaet og valde å krysse av for «Nei» på spørsmålet om vi hadde tenkt å gjere terrorverksemd under opphaldet. Den slags hadde vi jo ikkje tid til med ei knapp veke til rådvelde, og ingen av oss er kløpparar med verken maskingevær eller bombeproduksjon.

Vel framme i sentrum fekk vi oss ein god latter, fordi det hadde snødd; og når newyorkarane får nokre bitte små centimeter snø, går heile butikken fullstendig i stå. Det totale kaoset inntreffer, fem centimeter nysnø vert definert som naturkatastrofe, men som ihuga nordmenn med solide vintersko skreva vi bråkjekt over dei ørsmå snøfonnene med nordisk lette, medan tynnkledde kontoristar og damer i høghæla sko låg strødde bortetter fortaua.

Endå meir underhaldning fekk vi da vi kom til hotellet. Det var nemleg av typen som skuldar tre stjerner: Livsfarleg trapp utan rekkverk, avflassa tapet, baderomsdør som ikkje kunne opnast utan å flytte kommoden, dusj der det tok ti minutt å få varmt vatn... Verkeleg skandaløst. Det kunne vi ikkje gjetta på førehand, for prisen var absolutt ikkje blant dei lågaste, men med adresse like ved sentrale Times Square kan ein tydelegvis krevje kva som helst for eit krypinn. Nokre år seinare oppdaga eg at hotellet var blitt kåra til New Yorks aller verste. Eg skal sjølvsagt ikkje nemne namn, bortsett frå at det heiter New York Inn. Ikkje bu der.

Men, kven drar til verdas kulaste by for å sitje på hotellrommet? Konserten var naturlegvis ein fest og ei glede, der vi 20.000 fans sat med stjerner i auga og fekk nyte nostalgien frå ungdomen med repertoar frå Cream, Bluesbreakers, Blind Faith og sjølvsagt solokarrieren til herrane. Då dei trådde til med «Sunshine of Your Love», eksploderte heile arenaen i pur lykke.

Dagen etter skulle det atter ein gong vise seg at vi var nordmenn, for vi fekk den geniale ideen at vi skulle «gå ned til elva». Det er jo eit heilt fint gjeremål sommarstid, men Hudson River i februar er ikkje heilt det same. Vi fraus nesten testiklane av oss, så det var godt vi begge på det tidspunktet var ferdige med alle planar om formering.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement