Mat

Nesten norsk snøggmat

Av potet er vi komne, til potet skal vi bli. For travle dagar er det ikkje noko gale med ferdigkokte mandelpoteter.
Av potet er vi komne, til potet skal vi bli. For travle dagar er det ikkje noko gale med ferdigkokte mandelpoteter.
Publisert

Eg lova å kome tilbake med norsk snøggmat her i spalta, sidan eg var i overkant italiensk og kontinental førre gongen. Men spørsmålet er jo: Kva er autentisk norsk, bortsett frå gamalost?

Det italienske kjøkenet finst jo heller ikkje, berre regionale kjøken frå fleire delar av det langstrakte landet. I det rike nord brukar dei mykje smør og andre mjølkeprodukt, mens i det fattige sør har det vore ei heilt anna soge.

Pastaen og pizzaen er eigentleg ein del av cucina povera, dei fattiges kjøken. Derifrå har det spreidd seg verda over: Mac & cheese var opphavleg ein italiensk rett som innvandrarane hadde med seg til USA, med makaroni og ost, og så kom dei flittige amerikanarane til og industrialiserte han med så stor suksess at det blei milliarddollargeskjeft.

Noko av årsaka var at dei i tøffe tider fekk prisen for ei pakke mac & cheese heilt ned i 50 cent, og dermed kunne ein familie på fire få middag for den prisen, med eit greitt innhald av protein, karbohydrat og feitt. Mykje av suksessen kom av at det under krigen var mogleg å få ei pakke for eit klipp på rasjoneringskortet.

Sanninga om mange matrettar er kanskje at ingen eigentleg veit noko hundre prosent eksakt om opphavet, men at populære rettar reiser verda over og inn på menyane rett og slett fordi både vaksne folk og småfolk likar det.

Så var det snøggmaten: La oss byrje med potet- og purrelauksuppe, som vi gjerne kan kalle norsk fordi potet og purre er enkle ingrediensar som vi sjølve dyrkar her i Noreg. Men så er ho jo opphavleg fransk, under namnet vichyssoise, og ho kan like gjerne nytast kald som varm.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement