Reportasje

¿ Nedtur i kjempers fødeland

I stormaktstida hevda lærde menn i Uppsala at Sverige var sivilisasjonens vogge. Det forklarer nok litt av den svenske arrogansen.

Bilettekst
Bilettekst
Publisert

Lytt til artikkelen:

Det er søndag morgon, og eg ligg i den store dobbeltsenga på rom 232 på Stadshotellet i Lidköping. Eg plar aldri sjå fjernsyn om morgonen, det hender ikkje, men no gjer eg det, og det er ikkje bra, eg veit det, men eg tenker: OK, no er vi der.

På alle reiser som strekker seg over fleire dagar, får eg alltid ein mental knekk. Det kan like gjerne skje i fjellet som i Syden, alltid denne knekken, der eit grått teppe legg seg over tilværet.

Glede og begeistring er ei sterk drivkraft, og gleda og begeistringa har så langt drive meg til Lidköping, men no er det slutt, kjenner eg. Eg er tom for begeistring, tom for energi, eg er tiltakslaus, motlaus, og når eg fyrst er komen inn i dette frynsete lynnet, skal det lite til før det mørknar heilt. Eg kjenner meg einsam der eg ligg, og dei eksistensielle spørsmåla rullar opp: Kva gjer eg her? Kva er meininga? Ein middelaldrande mann aleine på scooter i Sverige. Så patetisk! Kven pokker er interessert i å lese overflatiske anekdotar frå svensk historie? Og eg er ikkje eingong komen halvvegs, og anar ikkje kor eller korleis det skal ende. Lengtar eg heim? Ja, eg gjer det. Vil eg heim? Nei. Eg kan jo ikkje det.

På TV4 viser dei oppussingsprogrammet Bygglov, og slike overflatiske underhaldningsprogram er farleg tidtrøyte, for dei forsterkar elendet, og begynner ein fyrst å sjå på, ja, då står ein myrfast. Ein berre sjå korleis det endar. Programmet følgjer den sedvanlege oppskrifta: Nokon drøymer om å pusse opp, men har ikkje råd, tid, evne eller ork til å gjere det sjølv. Dei fyrste minutta blir vi kjende med hovudpersonane, og i dette programmet er det ein familie frå Ljungbyhed i Skåne. Det er mora Malin som har sendt brev til TV4. Dei har eit uferdig råloft som mannen hennar har byrja å pusse opp, men han klarer ikkje å få det ferdig. No er vona at den karismatiske snikkaren Matte, den biletskjøne interiørarkitekten Maria, skeptikaren Willy, og ti–tolv handverkarar skal gjere loftet ferdig, slik at dei fire barna kan få kvart sitt rom. No søv tre av dei i same rom, eller som Matte seier: Dom bor i en jävla misär.

Det er Malin som er stjerna i programmet. Ho har eit godt smil med gles mellom tennene og eit presist språk med dei rette formuleringane. Ho er, slik eg ser det, made for television. Mannen hennar er ein staur, tiltakslaus og mumlande, og eigentleg burde han sjølv gjere ferdige desse barneromma, og eg er nok ikkje aleine om å tenke det, og derfor er fokuset på Malin, som fortel at råloftet har byrja å prege henne psykisk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement