NEDERLAND
Nederland vert kalla den politiske bjøllesauen i Europa. Det er der nye rørsler syner seg. Difor vert valresultatet granska minst like nøye som fjorårsvala i Storbritannia og USA.
Domkyrkjetårnet i universitetsbyen Utrecht.
Foto: Håvard Rem
Då romarane ville erobra Nord-Europa heilt opp til Nordsjøen, leid dei for 2008 år sidan det største militære nederlaget i si drygt tusenårige historie, og forskansa seg i ei rekkje av fort ved Rhinen i vest og Danube i aust. Eitt av forta vart ombygt til festning og er i dag den uvanleg vene mellomalder- og universitetsbyen Utrecht – det religiøse senteret og den fjerde største byen i Nederland.
Utrecht har vore ein bastion ikkje berre for romarane, men òg for Arbeidarpartiet (PvdA), som fekk 30 prosent av røystene ved førre val, men som ved valet no sokk til 6 prosent.
NEDERLAND OG FRANKRIKE
I dag er Grønt Venstre (GL) det største venstresidepartiet i Utrecht, og det er ein av deira veljarar eg er på veg til å møta på Heen en Weer, eit gamalt vertshus som heng utover Oudegracht, gamlekanalen som fylgjer det opphavlege elvelaupet til Rhinen gjennom byen. Så å seia midt på den gamle grensa mellom Romarriket og Nord-Europa skal me drøfta eit val der tilhøvet til EU nok var meir avgjerande enn dominerande.
Kva tyding EU-tilhøvet hadde i det nederlandske valet, er eit moment den franske presidentkandidaten Marine Le Pen (Nasjonal Front) truleg er oppteken av – halvannan månad før den avgjerande andrerunden i det franske presidentvalet. Kvifor vart framgangen til Geert Wilders og Fridomspartiet fem mandat, og ikkje – som meiningsmålingane lenge tydde på – ei dobling av dei 15 parlamentsplassane? Demde den tydelege EU-motstanden til Wilders opp for eit valskred?
Valet kjem for snøgt til at Le Pen kan leggja om EU-bodskapen, og det er kan henda heller ikkje naudsynt. Ho har kome med ein meir nyansert EU-kritikk enn Wilders, og EU-spørsmålet er meir komplekst i eit Frankrike som er meir nasjonalt sjølvmedvite enn Nederland. Ulike målingar syner at EU-skepsisen er monaleg større i Frankrike enn i Nederland. Men truleg vil ikkje EU-kritikk vera hovudbodskapen til Le Pen fram mot vala i april og mai.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.