JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2002
20170512
2002
20170512

Nasjonaldagen står for døra. Korps, drilljenter og faneberarar gjer seg klare til dyst. Mange tar på seg bunad. Folk reinskar halsen, klare til å syngje nasjonalhymnene. Éin nasjonalhymne er «Gud signe vaart dyre Fedraland» av teologen, kyrkjestatsråden og diktaren Elias Blix. I Norsk samlebok har salmen nummer 757. Teksten har opphavleg sju strofer, men det er vanleg å syngje eit utval av strofene, slik som dei som er trykte her: dei to fyrste og dei to siste.

«Hymne» («lovsong» på gresk) er i dette tilfellet eit betre ord enn «salme». Ein lovsong til nasjonen? Ja, men då den frie nasjonen: «Vaart Heimland i Myrker lenge laag» viser sjølvsagt til firehundreårsnatta – dansketida. I dag ligg røyndomen bak diktet fjernt for oss. Berre det faktum at det ikkje var lov å syngje songen i kyrkja då Blix var kyrkjeminister (1884–1888), synest uverkeleg. Fyrst i 1892, fire år etter at Blix gjekk av som kyrkjeminister, vart det tillate å syngje nynorsksalmar i den norske kyrkja.

For eit par år sidan kom dei ei spørjeundersøking på Blindern, om kva studentar tenkte når dei høyrde ordet «fridom». Overraskande mange viste til aktivitetar vi heller ville knytt til termen «fritid». I eit land bada i oljerikdom krev det ein aldri så liten omstillingsprosess å skjøne alvoret i diktet. Flyktningar som har opplevd undertrykking, og som samtidig har ei religiøs innlevingsevne intakt, har eit betre utgangspunkt til å skjøne verslinene «Vil Gud ikkje verja By og Land, / kann Vaktmann oss ikkje tryggja».

Det heiter at poetisk språk bryt opp automatisert språkbruk, altså ord og språklege vendingar vi brukar nærast rituelt i kvardagen utan å reflektere over dei. Men somtid er dikting sjølv automatisert: Å syngje nasjonalhymnene blir eit holt, nasjonalt ritual. Eg vil rå lesarar til å lesa seg opp på norsk historie og livshistoria til forfattarane og kanskje seia fram diktet med ein annan rytme inni seg, før dei syng dei på 17. mai. For Blix var bodskapen i diktet dødsens alvor.

Ronny Spaans

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

EssayFeature

Sluttoppgjer

Nokre tal får me tildelte så snart Skatteetaten har motteke fødselsmeldinga. Andre vert plukka opp undervegs i livet, eller avslørte når det nærmar seg slutten.

IvarDale

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis