Sport

Nasepust

At ein av verdas beste fotballspelarar, frå Jæren, satsar på nasepust, fekk meg til å tenke meir på saka.

Er munnteip berre jåleri?
Er munnteip berre jåleri?
Publisert Sist oppdatert

Eg høyrde på radioen at Erling Braut Haaland søv med teip over munnen. Frå før visste eg at Mr. Pimp Lotion og diverse andre treningsinfluensarar både har trena og sove med munnteip. Men det at ein av verdas beste fotballspelarar, frå Jæren, satsar på nasepust, fekk meg til å tenke meir på saka.

Poenget med teipen over munnen er at lufta blir tvinga gjennom nasen. Slik skal musklane langs nasevengene bli trena opp. Viss ein trenar med munnen igjen, vil ein venje seg til denne måte å puste på og etter kvart ta opp meir oksygen. Grunnen til at folk søv med teip, er håp om betre søvn. Å puste gjennom nasen skal også verke avslappande.

Sjølv hadde eg kategorisert munnteip som eit TikTok-fenomen, her fanst det jo ikkje forsking. Men etter å ha høyrt Ekko-episoden om munnteip med Harald Rhubus-Strøm, overlege i øyre-nase-hals og forskar på nasepust, endra eg syn. Det finst lovande resultat på nasepusting, me har berre altfor lite studiar å generalisere ut frå.

Både øyre-nase-hals-legar og ikkje minst dei som praktiserer yoga, har i lang tid fokusert på nasepust. Praksis som har vart i tusenvis av år, kan lett feiast vekk dersom det ikkje finst gode forskingsfunn. Men ein skal ikkje gløyme at visse ting er nærast umoglege å forske på. Til dømes er det svært vanskeleg å måle nøyaktig kor mykje ein faktisk pustar med nase og munn. Spørjeskjema fungerer heller ikkje.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement