Historie
¿ Når makta misliker flagget
Fem gonger i norsk soge har makta vore misnøgd med flagget. Sams for misnøyet er overnasjonale ambisjonar og elitistisk frykt for folkedjupet.
Barnetog i Vadsø 17. mai 1945. I bakgrunnen ruinar av øydelagde hus.
Foto: NTB / scanpix
Lytt til artikkelen:
Nasjonsflagg er maktsymbol, men soga til det norske flagget er annleis – som eit symbol for opprør og sjølvstende, fridom og glede, eit symbol makta stundom har mislikt.
Om dei store gledesstundene i livet heiter det på norsk at dei er «som 17. mai og jolaftan på ein gong». Barnleg jubel har ofte handla om flagget – på 17. mai, sjølvsagt, men andre dagar òg. Flagg har tydd fest og feiring. Frigjeringsvåren var foreldra mine trulova. Som gut vakna eg grytidleg på jolaftan, medan det framleis var mørkt ute, for å sjå treet stå pynta i stova, med ljos og bjøller, englar og fire–fem flaggliner frå stjerna øvst. Betlehem og Eidsvoll – og Bislett: Etter nyttår lydde jubelen kring radioen når me slost på skeisebanen – med flagget på brystet. Og vår og haust på landskamparenaer i fotball, då gjerne med mindre jubel.
Kongeflagget
Det fyrste norske flagget, løvebanneret, er i dag kongeflagg: raud botn med gyllen løve og øks i det hjørnet der andre raude faner har gyllen sigd og hammar.
Det finst avbildingar av løvebanneret frå 1200- og 1300-talet, men skikken med eit rovdyr på raud eller kvit botn går attende til førkristen tid. I slag i norrøn tid vart ramnefana nytta, Odins ramn i svart på raud botn. Også drake og ørn vart nytta. Løva kom truleg inn frå jødisk mytologi, der løva symboliserer kongemakt, i tidleg kristen tradisjon Kristus.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.