Når lyset skiftar farge

ASTANA: «Landet vårt er lukkeleg», heiter det i den

Bajterek-tårnet er midtpunktet og det fremste landemerket i den nye hovudstaden Astana. Oppe i tårnet kan du leggje handa di i handavtrykket til president Nazarbajev.
Bajterek-tårnet er midtpunktet og det fremste landemerket i den nye hovudstaden Astana. Oppe i tårnet kan du leggje handa di i handavtrykket til president Nazarbajev.
Publisert Sist oppdatert

Eg ser ut glaset og undrar: Om dette er stagnasjon, korleis såg da ekspansjonen ut? Folk seier at finanskrisa råka Astana svært hardt, og det er sikkert sant. Likevel: Når eg kikar ut vindauget i husværet eg leiger, kan eg sjå nitten heisekranar, og dei fleste av dei er i rørsle.

Eg bur i ei ny høgblokk i sørenden av den nye hovudstaden. Bortanfor kranane kan eg sjå den kasakhstanske steppa, det store ingenting. Ho strekkjer seg tusen kilometer mot sør før ho støyter mot Tian Shan-fjella, og det er 1500 kilometer med steppe mellom meg og Kaspihavet i vest. Kasakhane likar å fortelje at dette er verdas niande største land. Når eg ser mot horisonten, kjenner eg meg merkeleg svimmel, som om verda har bikka nitti gradar og eg kikar nedover langs ein umåteleg høg vegg.

Astana ligg midt i ingenting, og lenge var ingenting også her. Soldatane til tsaren bygde eit fort her i 1824, og kring fortet voks byen Akmolinsk opp. Da Sovjetunionen kollapsa i 1991, var russarane framleis i fleirtal i byen, medan dei mongolske kasakhane berre utgjorde 17 prosent. Men i 1997 vart dette hovudstaden i det sjølvstendige Kasakhstan, og byen vart omdøypt til Astana, som enkelt og greitt tyder «hovudstad». No er kasakhane i fleirtal, og folketalet nærmar seg 700.000 – ei tredobling på ti år.

Heile byen liknar eit påfunn, ei hildring, ingenting her kjennest verkeleg. Astana er eit Dubai på steppa, ein månebase, ein kulisse til ein Lyn Gordon-film. Når eg går mellom dei lysande skyskraparane og praktbygga ein laurdagskveld, er dei breie avenyane nesten folketomme. Det kjennest som om eg promenerer gjennom planskissene til ein arkitekt, eg er eitt av strekmenneska som er innteikna berre for å vise dimensjonane på byggverka. Dei eksklusive bustadblokkene kalla «Nordlyset» skimrar grønleg i mørkret med kurva fasadar, dei buktar seg til vêrs, det ser ut som om dei har skote opp frå bakken så fort at dei framleis står og dirrar.

Tusenvis av tre er planta langs avenyane for å mjuke opp gatebiletet, men dei er framleis tynne og puslete. Astana er ein framtidsby som ventar på at samtida skal nå han att og puste liv i han.

Da den vitale, kosmopolitiske millionbyen Almaty heilt sør i landet vart forlaten av regjeringa og statsapparatet i 1997, klaga mange si naud over å måtte flytte: Almaty er kanskje kaotisk, støyande og halvkvelt av smog, men det er ein by med sjarm og sjel, omkransa av 4000 meter høge fjell og kjend for eit ellevilt uteliv og ualminneleg gode eple. I Astana veks det ikkje epletre. Den nye hovudstaden ligg langt nord i Kasakhstan, ute på steppa der innlandsklimaet er dobbelt ekstremt: Her er det gjerne førti varmegradar om sommaren og førti kuldegradar om vinteren.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement