Når harpunen flygDøden kjem i form av 50 gram sprengstoff, med ein fart på 90 meter i sekundet. Tekst og foto:

Døden kjem i form av 50 gram sprengstoff, med ein fart på 90 meter i sekundet.

Gruppebilete med lunsar. Frå venstre: Olav Husa, Oddvar Nilsen Husa, Svein Stormark og Paul Knapskog.
Gruppebilete med lunsar. Frå venstre: Olav Husa, Oddvar Nilsen Husa, Svein Stormark og Paul Knapskog.
Publisert

Vågekvalen er ei stillferdig kjempe. Han kan bli over ti meter lang og ni tonn tung, likevel er han vanskeleg å få auge på. Blåsten hans er nokre korte pust som knapt er synlege i lufta, ikkje ei mektig dampsøyle som blåsten til storkvalane. Vågekvalen skyt ikkje sporden i vêret når han dukkar, slik spermkvalen gjer, og han har ingen ruvande ryggfinne, slik spekkhoggaren har. Det vesle vi menneske ser av han, er ein mørk rygg som rullar som eit hjul i vasskorpa i to–tre sekund, så er han borte att.

Men eit slikt lite glimt eit par hundre meter borte var nok for den røynde kvalfangaren Svein Stormark denne maimorgonen i Nordsjøen. Etter to timar med stille, meditativ speiding over fiskebanken kalla Engelsk Klondyke, slår stemninga heilt om på kvalskuta «Olavson». Det er som om nokon har sett straum på dei fire kvalfangarane. Olav Husa kliv ned frå tønna kjapt som eit ekorn, monterer ein granat på harpunen og inntek posisjonen sin bak kanonen. Faren Oddvar Nilsen Husa styrer «Olavson» i retning av dei små krusingane etter kvalen, og ein underleg katt og mus-leik er i gang.

Det er ein eigen kunst å tenkje ut kor kvalen kjem til å dukke opp neste gong, og å manøvrere skuta i posisjon til å få inn eit skot. Vågekvalen er gjerne under i fem minutt før han må opp for å puste, iblant i nærare ti minutt. På den tida kan han kome langt. Dette er eit av dei raskaste dyra i havet.

– Der går han igjen, ropar Paul Knapskog oppe frå tønna. Denne gongen ser eg òg kvalen, kanskje er han 150 meter borte no.

Oddvar prøver å leggje ein kurs som kryssar kvalen sin. Skyttaren skal helst få kvalen frå sida, det gjev dei beste sjansane til å råke slik han skal: I brystregionen, litt bak hovudet, der eit treff med granatharpun nesten alltid gjev dødeleg skade. Granaten inneheld 50 gram med det kraftige sprengstoffet pentritt, nok til å slå ut hjarte og hjerne og drepe kvalen på ein augneblink. Og om harpunen råkar ryggrada, er kvalen òg død.

Men sjølv for Oddvar Nilsen Husa, med 52 sesongar bak seg, er det ikkje alltid lett å få ein kval dit han vil ha han. Brått dukkar kvalen opp på styrbord side av båten, lenger borte enn i stad, og altfor langt unna til å skyte. Så blir han borte. Stilla senkar seg over «Olavson». Ti minutt går, femten minutt går. Eg går ned i byssa og set over ny kaffi.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement