Sjakk
Når ein verdsmeister har det moro
Den historiske sjakkfesten på Høvikodden var hardt arbeid frå fyrste trekk, men fekk fram sjakkgleda hjå Magnus Carlsen, som lærte det norske folket nye triks heilt frå utgangsstillinga.
«Tid som står stille». Performance, Henie Onstad Kunstsenter 2018.
Foto: Lennart Ootes, frchess.com
«Om de vil sjå kunst, må de gå ein annan plass», sa Magnus Carlsen etter det 12. og siste ordinære partiet av den klassiske VM-kampen mot Sergej Karjakin på nedre Manhattan i 2016 – eit parti som enda i ein snøgg opningsteoretisk remis. Carlsen tenkte kan henda på Museum of Modern Art eller Tate kunstgalleri på øvre Manhattan; han kunne ikkje vita at han fjorten månader seinare sjølv skulle ta del i ein sjakk-performance på Henie Onstad Kunstsenter.
Sjakk som kunst
Den seriøse sjakken vart teken inn i Tretjakov-galleriet i Moskva under VM-kampen i 2012 mellom Vishy Anand og Boris Gelfand. Men den gongen var spelelokalet underordna kampen om VM-tittelen. Om dei ikkje hadde spela i eit museum, ville ein ha funne eit anna bygg i Moskva.
Denne gongen var det annleis. Utan utstillinga «Tid som står stille» ville det ikkje ha vorte nokon uoffisiell VM-kamp mellom den «regjerande meisteren» Hikaru Nakamura (30) og Magnus Carlsen (27) i sjakkvarianten Fischer Random, eller «fischersjakk», som vi no seier på sjakkspråka norsk og russisk («??????? ??????»).
Som tilskodar under Norway Chess-turneringa i Stavanger i fjor diskuterte kunstnar Dag Alveng omgrepet kunst med Henrik Carlsen, far til verdsmeisteren. Dei to vart ikkje samde, men under utstillinga på HOK Høvikodden møtte Alveng på ny Carlsen senior. «Eg gjer son din til eit kunstverk», sa han og peikte på ein levande Magnus Carlsen som sat ved eit stort bilete av grava til Bobby Fischer på Island.
Utstillinga til Alveng skapar sjakkhistorie og kan verta eit vendepunkt òg internasjonalt. Eg tek opp att for nye lesarar at ideen til meisterskapen kjem frå ein stubb i Dag og Tid i 2015. Men nok om kunsten – over til sporten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.