Nærleik til 2017
Eg har reist i mange muslimske land, men aldri møtt eit slikt moderne mangfald som i hovudstaden i Malaysia – verda anno 2017.
Tvillingtårna i Kuala Lumpur. ?Alle foto: Håvard Rem
Om nokon du er glad i, byrjar å syna teikn på islamfrykt og meine at muslimske land ikkje er gode å leva i, lyt du snarast setja ho eller han på eit fly til Kuala Lumpur, millionby og hovudstad i muslimske Malaysia. Sjansane er store for at dei kjem kurerte attende til Noreg.
LIBERALT LAND
I lufthamna vert du frå innkomstterminalen frakta i eit framtidstog til hovudterminalen der både røykjeromma og bøneromma er designa og ljossett som i ein Star Wars-film. At dei fem andre landa på halvøya ligg etter Noreg i infrastrukturell standard, medan Malaysia ligg framanfor, vert stadfesta av motorvegane som tek deg inn til hovudstaden.
I lufthamna møter du ei anna side av malaysisk mentalitet som ikkje gjer framstega mindre fascinerande. Motsett Dei sameinte arabiske emirata er Malaysia like liberalt som det er moderne. Dei friaste innreisereglane i Søraust-Asia er dei malaysiske. Utan visum ved framkomst får du opphald i tre månader. Ein tidel av folkesetnaden er framandarbeidarar. At dei tre millionane kan sjå langt etter statsborgarlege rettar, er ei anna sak; oppgåva deira er å halda farten oppe i ein av dei raskast veksande økonomiane i verda.
Eg har reist i muslimske land frå Indonesia i aust, via Pakistan og Maldivane, Dubai og Syria, til nokre av dei nordafrikanske i vest, men berre somme oljestatar på den arabiske halvøya kan måla seg med Malaysia når det kjem til velstand, og når det kjem til mangfald og fridom, veit eg ikkje om nokon.
Like liberale som innreisereglane er skjenkjereglane, ikkje berre i sjølve Kuala Lumpur, blant vener kalla KL, men òg i forstadane. Jamvel om hijabane og nikabane kjem tettare i Cyberjaya enn i Chinatown, er alkoholpolitikken meir liberal enn heime. I kjøpesenteret dPulze er utvalet av champagne og whisky som i Europa, og salet stenger ikkje før heile senteret stenger to timar før midnatt. I sokkeletasjen til bustadblokkene er det uavgrensa sal av sterkøl i dei døgnopne butikkane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.