Myten om fransk innvandring
Norske medium skriv ofte som om Marine Le Pen har rett i at landet fløymer over av innvandrarar. Sanninga er at Frankrike har ein av dei strengaste innvandringspolitikkane i Europa, og at dei har hatt det i 30 år.
Netto årleg innvandring til Frankrike er på maksimalt 90.000 personar. Medan Noreg tok imot 36.000 flyktningar i 2015, tok Frankrike imot om lag 16.700. Der er i dag 5,8 millionar lovlege innvandrarar i Frankrike, og 4,1 million utlendingar. 36,5 prosent av innvandringa er frå europeiske land, medrekna Aust-Europa. 43,5 prosent er fødde i eit afrikansk land, og sidan 1980-åra har tre fjerdedelar av desse vore frå Nord-Afrika (Maghreb): Marokko, Algerie, Libya og Tunisia.
Algerie var lenge det viktigaste opphavslandet. Frankrike trong arbeidskraft etter store mannefall i båe krigane; Algerie hadde folk. Sidan kom flyktningar frå Algeriekrigen (1954–1962), så harkiane – dei som slåst for Frankrike – etter fredsslutninga, så motstandarane deira under diktaturet i 1960-åra. Forfylgde berbarar flykta så, og ei sterkt ønskt arbeidsinnvandring kom på 1970-talet. Alle desse var franskfødde, med franske rettar.
«Les beurs»
Eit reint under var det, at før så stridande grupper algeriarar ikkje gjekk laus på kvarande, der dei var stuva saman i bustadsmaskiner. I staden voks det fram ein stolt fransk-maghreb-kultur, «les beurs». Mange kjende forfattarar, musikarar og andre kunstnarar med slik bakgrunn kom til. Feministiske aktivistar vart aktive politikarar – som Fadela Amara, mangeårig leiar av ei stor muslimsk feministrørsle. Samia Ghali, ordførar i dei vanskelege bydelane nord i Marseille, fekk utrydda mafiabandereiret La Castellane.
Familiegjenforeiningane, især med konene til menn som flykta under borgarkrigen i Algerie i 1990-åra, gav overraskande framskuv for tradisjonell kultur i forstadene. Dei dårleg integrerte mødrene oppmoda sønene sine til å vere ordentlege mannfolk og passe på at systrene dekte seg til, og dei synte forakt for frigjorde, sekulariserte kvinner med muslimsk opphav. På dette viset fekk eit skifte frå hovudsakleg sekulær eller moderat muslimsk kultur til nyortodoksi framhjelp.
Reinhekla rasisme
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.