JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Mysteriet Astrup

Me følgjer i spora til den relativt ukjende norske polarfararen Eivind Astrup, som hadde ein lysande, men kort karriere på slutten av 1800-talet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eivind Astrup og Frederick Cook saman med «Nordpolens Naboer». Astrups observasjonar frå livet til inuittane vekte interesse hos etnografar i samtida, sidan dei hadde lite kunnskap om verdas nordlegaste folk.

Foto: Frammuseet

9944
20181012

Nord for den store bre

Historikaren Harald Dag Jølle drog i vår saman med Vegard Ulvang og Ronny Finsås ut på ein 3000 kilometer lang skitur. Målet var å finne ut kvifor den norske polarfararen Eivind Astrup rauk uklar med amerikanaren Robert Peary i 1890-åra.

Del 1

Me er på veg nordover grønlandsisen. Med segl og ski. Det går fort. Pulkane hoppar og sprett bak oss på den harde snøen. Kilometerane renn av garde. Me skal til nordenden av den enorme innlandsisen for å finne ein varde. Det er ein lang tur. Ein frykteleg lang tur. Det svir i låra, og eg er stiv i ryggen – og nett no lurar eg på om det var så lurt å leggje ut på denne ferda.

Astrup var son av ein forretningsmann. Han vart fødd og voks opp i Kristiania. Og som 19-åring reiste han til USA for å vitje bror sin. Tilfeldigvis fekk han her sjå at Robert Peary søkte etter folk til ein ekspedisjon til Nord-Grønland. Astrup hadde eventyrlyst og skikunne og fekk plass på ekspedisjonen, som i 1891/1892 overvintra langt nord på vestkysten av Grønland – i det området som i ettertida vart kalla Thule. På denne ekspedisjonen deltok også lækjaren Frederick Cook. Han som frå 1909 krangla med Peary om kven av dei to, om nokon, som hadde kome fyrst til Nordpolen.

Peary valde ut Astrup som følgjesvein til ei langferd nordover innlandsisen. Og etter to månadar med hundespann, ski og truger kom dei 4. juli 1892 til ei klippe som stupte ned mot sjøen. Dei kalla ho Navy Cliff etter marineoffiser Pearys arbeidsgjevar. Bukta dei såg mot nord, kalla dei Independence Bay til ære for den amerikanske sjølvstendedagen. Ein månad seinare, etter i alt 97 dagar på tur, kom dei attende til overvintringsbasen på Nordvest-Grønland. Då hadde dei tilbakelagt nesten 2000 kilometer. Ei oppsiktsvekkjande lang ferd. Over tre gonger lengre enn Fridtjof Nansens namngjetne kryssing av Grønland tre år tidlegare. Dei hadde revolusjonert framkomstteknikken i polarstroka og sett ein ny standard for kor langt det er mogleg å reise utan etterforsyningar. Astrup hadde som fyrstemann kombinert hundeslede med skigang. Men viktigast: dei kunne fortelje verda at grønlandsisen hadde ei avslutning i nord.

Astrup vart raskt ein populær kar heime i Noreg. Landet som nett hadde fått ein Nansen, fekk no endå ein polarhelt. Som den yngste personen nokon gong vart han i 1892 utnemnd til riddar av St. Olavs orden. Han heldt ei rekkje føredrag – og ein av dei som lét seg inspirere av det Astrup hadde å fortelje frå Nord-Grønland, var den unge Roald Amundsen.

Den andre Peary-ekspedisjonen

Eit år seinare, i 1893, var Astrup igjen på veg til Grønland saman med Peary. Målet for ekspedisjonen var også no ei ferd over innlandsisen – og vidare mot Nordpolen. Men forsøket vart mislykka. Astrup snudde etter kort tid, tilsynelatande på grunn av sjukdom som kom av matforgifting. Dei andre klarte heller ikkje å kome særleg langt nordover. Men før resten av ekspedisjonsfølgjet kom attende til overvintringsbasen, hadde Astrup lagt ut på ei lang ferd sørover, saman med den inuittiske følgjesveinen Kolotengva.

Dei to kryssa nesten heile Melvillebukta med hundespann, eit område som til då ikkje hadde vore kartlagt. Astrup vart dermed den fyrste til å teikne ned og namngje ei rekkje brear og fjell på denne folkelause kyststripa som skilde den nordlegaste delen av Vest-Grønland frå dei danske koloniane lenger sør.

Denne kartlegginga vart det viktigaste resultatet av Pearys andre ekspedisjon til Nord-Grønland. Og Astrup kom igjen attende til heider og hyllest i heimlandet. No skreiv han også ei bok om dei to ekspedisjonane, og om livet saman med inuittane – verdas nordlegaste folk: Blandt Nordpolens naboer, som var den klingande tittelen på boka.

Astrup hadde planar om nye ekspedisjonar. Han vurderte om det var mogleg å fly med luftballong nordover polarisen, og han planla ein ekspedisjon til Antarktis. Men i romjula 1895 drog han til fjells ved Hjerkinn. Etter nokre kilometer stoppa han og åt matpakka si. Drakk ei halv flaske portvin. Så tok han fram ein revolver. Sikta mot hovudet og trekte av.

Navy Cliff

Vinden aukar. Det gjer også farten. Me har lagt ut på den største turen nokon av oss har vore med på. Vegard Ulvang har gått langt på ski tidlegare. Og Ronny Finsås har segla mange turar både på Grønland og i Antarktis. Men dette er lenger. Og meir avsidesliggjande. Det nordaustlege hjørnet av Grønland er truleg den mest aude staden på den nordlege halvkula. Derifrå er det nærare til Longyearbyen på Svalbard enn til noka anna busetjing på Grønland.

Eg tenkjer på Peary og Astrup som strevde seg nordover her. Dei gjekk mot det ukjende. Dei visste ikkje kva dei ville møte. Eller kor langt innlandsisen strekte seg. Likevel stemna dei nordover og nordover – sjølv om provianten minka og minka. Den ville neppe halde til returen.

Dei hadde ikkje hatt fast fjell under føtene på to månadar. Likevel skreiv Astrup at det var skuffande då den «keiserlige høivei» slutta. Dei hadde håpa at den snødekte innlandsisen skulle føre dei nærare Nordpolen enn nokon før dei i historia. Likevel må dei ha vore letta då dei endeleg kom til isfritt land. Det er eg overtydd om. Hadde dei ikkje funne eit område fullt av moskusoksar som gav verdifullt kjøt, ville dei neppe overlevd turen heim att.

Kor som er, det var ein makelaus, imponerande tur dei gjennomførte. Og me kan i beste fall berre prøve å førestille oss korleis det var å reise over denne isen for 126 år sidan. For sjølv om me er på same bre, og alt er like kvitt og verkar like uendeleg som den gongen, er det meste annleis. Me veit kor me skal. Me har studert satellittbilete for å unngå sprekkområde, og me får daglege vêrmeldingar. Me kan kommunisere med omverda og veit på ein prikk kor me er på kartet. Og så har me eit framifrå framkomstmiddel: skisegl og drakar som trekkjer oss gjennom den storslåtte arktiske naturen i eit tempo som Peary og Astrup berre kunne ha drøymt om.

Me seglar med vinden skrått inn bakfrå – akter for tvers, som det heiter på seglspråket. Ei draumeretning for ein drakeseglar. Og vindretninga er nokså føreseieleg. Det er den såkalla katabatiske effekten – eit fenomen skapt av at den kalde lufta frå toppen av innlandsisen fell nedover og ut mot kysten. Det er den vinden som skal sende oss med klokka rundt det nordlege Grønland. Men samstundes: Når me fyrst har kasta loss, kan me ikkje snu og segle i motvind attende til startstaden. Difor må me, etter å ha kome til nordenden av Grønland, ta den lange vegen sørover – heilt til busetjingane på den søraustlege kysten.

Me har segla i to dagar, me har lagt bak oss mange mil alt, men det har gått opp for meg kor langt me har igjen. Eg ser på Vegard når me legg ned draken for å ta ein pust i bakken. Han har tenkt det same som eg: «Kva i himmelens namn har me lagt ut på...?»

Mysteriet Astrup

Målet for ekspedisjonen vår er å kome til staden der Peary og Astrup planta det amerikanske flagget for 126 år sidan – som har vorte ein merkestad i polarhistoria. Staden har knapt vore vitja sidan Peary og Astrup var her. Og ingen har tatt den lange vegen over land sidan den danske grønlandsforskaren Peter Freuchen stod ved varden i 1912.

Vår tur til Navy Cliff har ei lang forhistorie. Han startar eigentleg ein føremiddag i 1999, då Stein P. Aasheim var heime hos Helge Ingstad. Tilfeldig plukka han ut ei bok frå Ingstads store polarbibliotek: Min grønlandske ungdom av Peter Freuchen. Like tilfeldig slo han opp på ei side der det stod eit par avsnitt om at Freuchen hadde møtt Astrups følgjesvein Kolotengva. Og den grønlandske fangstmannen kunne fortelje at Astrups reise til Melvillebukta slett ikkje var planlagd som ein utforskingsekspedisjon, men snarare var eit fluktforsøk. Bort frå Peary. Men, kunne Kolotengva òg fortelje, då dei hadde kome midt i Melvillebukta, fekk Astrup kalde føter – «han var helt lammet af frygt for, hvad han havde inladt sig på og satte sig ned og græt (og) Astrup bestemte sig for at vende tilbake til Peary».

Aasheim vart svært overraska. Var det verkeleg slik at den høgt skatta norske polarfararen eigentleg var desertør? Ingstad, som hadde vore sysselmann på Grønland og stridd mot danskane i grønlandssaka, avfeia det heile som oppspinn. Boka til Freuchen var skriven i 1936, tre år etter domen i Haag. Danskane var dårlege vinnarar og misunnelege på den stolte norske polartradisjonen. Ingstad meinte dei var villige til å skrive kva det måtte vere for å sverte nordmenn.

Like fullt klarte ikkje Aasheim å la spørsmålet liggje. Han sjekka den norske omsetjinga av Freuchens bok. Her var desse avsnitta tatt bort. Han gjekk til kjeldene og las korrespondanse mellom Astrup og dei andre deltakarane på ekspedisjonane. Det lukta krangel og ugreier. Kunne det vere ein samanheng mellom Astrups triste utgang på livet og noko som skjedde på Grønland?

Filmprosjekt om Astrup

Snart 20 år seinare er Aasheim framleis opptatt av spørsmålet. Og saman skal me lage ein dokumentarfilm om det korte livet til den unge polarfararen.

Me trur sjølvsagt ikkje me skal finne ei årsak til at det gjekk som det gjorde. Men gjennom granskinga har me lært meir om polarkarrieren hans, om heltedyrkinga, om korleis sjølvmordet vart prøvd halde hemmeleg heilt opp til vår eiga tid, om ulike rykte om og forklaringar på kvifor han valde å ta sitt eige liv, om intrigane på Pearys ekspedisjonar, om tilhøva på Grønland på slutten av 1800-talet og om utforskinga av verdas største øy i kjølvatnet av Peary og Astrup. Og ikkje minst: Eg har sett kva Astrup og Peary såg på Navy Cliff – noko som kan vere med på å forklare at dei rauk uklare.

Harald Dag Jølle

Harald Dag Jølle er historikar ved Norsk Polarinstitutt og fast skribent i Dag og Tid.

Framhald neste veke

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Var det verkeleg slik at den høgt skatta norske polarfararen eigentleg var desertør?

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis