Myriadar av liv
Sara Sølberg byr på alvor og krystallklåre skildringar.
Sara Sølberg debuterer med eit eksemplarisk døme på økolitteratur. Foto: Pernille B. Walvik
Sara Sølbergs debutroman Seismiske smell er eit eksemplarisk døme på økolitteratur, det vil seie litterære skildringar av samspel mellom organismar og omgjevnadar. Sølberg er ingen peikefingermoralist, for her er det snarare opprivande fakta og den litterære skildringa i seg sjølv som kan vekkje lesaren.
Mikro og makro
Gjennom parallellføringa mellom eg-personen i romanen, som er råka av livstrugande hjartesjukdom, og skildringa av havet, som er basalt for alt liv, skapar Sølberg ein type litteratur med velutvikla sans for mikro- og makroøkologiske samanhengar. I romanen vert blodsystemet til eg-personen ein refleks av havstraumane, som er avgjerande i reguleringa av temperatur og livsvilkår på jorda.
I tillegg til historia om den hjartesjuke finst ei forteljing om ein du-figur som forsvinn på havet. Slik vert Seismiske smell også ein sørgjesong over du-figuren og over dei fatale endringane som skjer på kloden. Men brorparten av teksten dreier seg om krystallklare framstillingar av det vesle livet – bakteriar, organismar, maneter og fisk – ofte med den lange tidsaksen, geologien, som horisont. Her syner Sølberg meisterskapen sin.
Imponerande kunnskap
Romanteksten er organisert i episodar, men ikkje vanskeleg tilgjengeleg. Det er rett nok uvant for lesaren at plottet er dei økologiske forandringane og den eskalerande økokrisa. Det som tidlegare tente som kulissar og garnityr i romantekstar, er vorte hovudaktøren. Økokrisa har ein litterær dramaturgi, ho kan lesast etter skjemaet frå den greske tragedien: Det veksande herredømet mennesket har over naturen, har ført det til eit vendepunkt der katastrofen er iferd med å hente det inn.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.