Sjakk
Mot matematikken
Magnus Carlsen ville utfordra seg sjølv og sjakkverda, men hadde misrekna seg.
Då Magnus Carlsen (26) sa at han ville spela World Cup i Tbilisi, ein av sjakkhovudstadane i Kaukasia, kom det heilt overraskande på arrangøren og sjakkverda. Georgiarane hadde invitert alle dei beste, men «gløymt» verdsmeisteren. Ei cup-turnering med 128 spelarar er nemleg ikkje noko for ein verdsmeister som har alt å tapa og matematikken mot seg. Det siste kjem eg attende til.
Kva tenkte Carlsen på? For nokre år sidan kom han med eit utspel som vart massivt kritisert. Carlsen ville setja strek over VM-historia som går attende til 1886 – med 16 klassiske verdsmeistrar – og byta ut VM-kampane mann-mot-mann med ein årleg VM-cup. Jamvel manager Espen Agdestein rista på hovudet over mangelen på vørdnad for tradisjonen.
Det norske folket elskar jo å følgja Carlsen–Anand og Carlsen–Karjakin time etter time, kveld etter kveld, veke etter veke. Hovudpersonen sjølv tykkjer det er meir fart og spaning med ein ny motstandar kvar fjerde dag. I dag kan vi slå fast at cup berre er morosamt så lenge ein ikkje er slegen ut.
Botnlina
Men det var nett dette Carlsen ville freista i Tbilisi – å gå heile den lange vegen gjennom sju kampar. Og ein World Cup er det einaste Carlsen aldri har vunne, så ein siger her ville ha gjort karrieren komplett. Men kor realistisk var det? På gymnaset hadde vi eit kurs i sannsynsrekning, og botnlina eg tok med meg, er at det er mykje som er mindre sannsynleg enn ein intuitivt trur.
Om ein ser på rating og objektive faktorar, vil eg forsiktig tru at sjansane for Carlsen-siger i dei sju kampane var slik: 0.99, 0.85, 0.80, 0.75, 0.70, 0.65, 0.65. Motstandarane vert betre runde for runde, men kva skal ein gjera med desse tala? Ein skal ganga dei med kvarandre. Om premissa mine er rette, er svaret at Carlsen hadde 15 prosent sjanse for siger i World Cup. Men som far Henrik Carlsen har sagt: «Magnus var betre i matematikk før han byrja på skulen enn etter at han slutta.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.