Reportasje
Minna Wetlesen på Abildsø gard
Måndag er det 200 år sidan Minna Wetlesen vart fødd i Drammen, adelsjenta som laut flytta til København, men drog til Noreg att for å utdanna bygdejenter og skipa Europas fyrste husgjerningsskule.
Hovudhuset på garden Abildsø, reist kring 1790, frå 1865 Europas fyrste husmorskule, skipa og leidd av Minna Wetlesen. Elevar på vg1 byggfag ber verkty til eit hus som er under restaurering.
Foto: Håvard Rem
Lytt til artikkelen:
Husgjerningsskulen vart skipa på ein gard berre ei halv mil frå Oslo domkyrkje, ein gard som enno står der, i enden av ein allé med skiltet «Abildsø Gård – kun besøk etter avtale», no rehabilitert og drive som ei privat stifting, med landbruk og utdanning som kjerneverksemd, som då Minna Wetlesen budde her.
Som for 150 år sidan gjev garden i dag eit tilbod til unge som slit med å koma seg fram i det norske samfunnet, i alt 60 elevar frå 20 skular aust i Oslo. Ein gutegjeng tek no vg1 byggfag her, somme av dei nokre år forseinka etter tenår på hi sida av loven. Ein hustrig vintermorgon ber dei verkty frå låven til eit byggeprosjekt nedi bakken. Stien over tunet framføre hovudhuset på Abildsø er steg på vegen attende til samfunnet. Når ein kosovoalbanar frå Stovner fortel om dagsløna til ein jamaldrande slektning i heimlandet, er me samde om at Noreg er eit uvanleg godt land å bu i om ein berre lærer eit fag og får ein jobb.
København, 1838
København sist i 1830-åra. Det er berre eit par tiår sidan Danmark mista Noreg til Sverige. Ein ung Søren Kierkegaard bokdebuterer med eit essay om H.C. Andersen som nett har fått prenta dei fyrste eventyra og romanane sine. Frederik 6. er konge. Den gløgge og vene, fattige og adelege ungjenta Anette Wilhelmine von Bülow – Minna, mellom vener – trivst ikkje heilt i Kongens by, folk kommenterer det norske målet hennar, ho drøymer seg vekk frå hovudstaden og Danmark. Når det vert råd, vil ho til Noreg att.
Utsjånaden vert kommentert. For å hjelpa den fattige mor si broderer ho for dårleg betaling, og når ho høyrer at sying av regimentuniformer er betre lønt, dreg ho til depotet for å be om oppdrag, men får høyra at ho er for ven til å vera syerske. Røysta vert kommentert. Ein professor vil kosta på henne songundervising, og førespeglar henna ein karriere ved Det Kongelige Teater, men ho takkar nei. Ho vil til den tidlegare kolonien.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.