Sport

Mindre kunst, meir action?

Rune Kristiansen vann verdscupen i skiballett i 1993.
Rune Kristiansen vann verdscupen i skiballett i 1993.
Publisert

Det er fascinerande korleis nokre sportar tek av mens andre døyr ut. Ein aktivitet alle snakkar om no, er padeltennis.

Dei heilt oppdaterte har sjølvsagt prøvd det «for lenge sidan», likevel er det fyrst no slektningane mine på bygda har fått fot på sporten.

Padel veks ekstremt raskt, og det er lett å forstå at folk blir hekta. Det minner om tennis, men føregår med vegger på alle sidene, slik at ballen lettare held seg i spel. Racketane har hard slagflate som gjer det lettare å unngå at ballen fyk til himmels.

Dei fleste med litt ballkjensle klarer sporten utan at det stilnar og blir keisamt. Progresjonen er også raskt stigande, og plutseleg kjenner ein seg faktisk litt god – ja, kanskje var det padel du skulle ha satsa på?

Og så til ein sport som forsvann: Eg har tidlegare nemnt stille lengde. Det er ein teknisk enkel idrett, dette òg, men her manglar klart fart og spenning. Kva med skiballett? Freestyle-disiplinen frå 1960-talet blei utført i ein slak bakke, der utøvaren akrobatisk skulle danse seg nedover til passande musikk. Dømming og poengtildeling var som i kunstløp. Viss du googlar, så er det til å bli fascinert av.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement