Mat

Min andre heimby

Vence i Alpes-Maritimes i Frankrike.
Vence i Alpes-Maritimes i Frankrike.
Publisert

Blant dei store fordelane ved å vere med i ein kunstnarorganisasjon er kunstnarbustadene. Mykje kan seiast om at inspirasjon er ein illusjon, og at å skape handlar om hardt, vedvarande arbeid. Det er likevel ikkje til å kome frå at det å reise og opphalde seg i eit anna miljø gjer noko med folk som lever av det skapande arbeidet sitt.

Sjølv fekk eg eit positivt sjokk fyrste gong eg trådde inn i arbeidsbustaden til Nopa i sørfranske Vence. Leilegheita er eigentleg ein heilt vanleg familiebustad, men så oppdagar ein den enorme terrassen, som har ei fenomenal utsikt ned mot rivieraen inkludert kystbyane Nice, Juan-les-Pins og Antibes.

Vence, med sine 15.000 innbyggarar, funklar hovudsakeleg om sommaren og er økonomisk heilt avhengig av turistsesongen frå mai til september. Difor har eg ofte reist dit vinterstid, så eg slepp å hamne i altfor mange japanske fotoalbum med alpelua mi.

Ein svensk venn av meg, Lasse, som alltid brukte å sitte utanfor stamstaden Henry’s Bar midt i byen, blei heile sommaren tatt for å vere erkefranskmann og fotografert. Det var kanskje ikkje så merkeleg, sidan han no alltid var kledd i svart frakk, alpelue, pipe, eit glas Pernod – og sjølvsagt det knallraude Aristide Bruant-skjerfet elegant svinga rundt halsen.

Alle dei som tok bilde av han, skulle berre visst at han var ein pensjonert fysikklærar frå Uppsala. Kvar gong eg møtte han og spurde korleis livet var, svarte Lasse: «Alla mina dödliga sjukdomar är stabila!»

Mange kunstnarar har valt Vence for helsa si skuld. Ikkje minst Henri Matisse trong det provencalske klimaet for astmaen sin, og sanneleg bygde han ikkje ei kyrkje der òg, Chapelle Rosaire, mot slutten av livet. Det er eit unikt byggverk, blendande kvitt, lyst, revolusjonerande i forma og med glasvindauge som gir eit heilt spesielt fargespel i kyrkjerommet etter kvart som sola går over himmelen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement