Militærøvingar lagar ikkje fredNatoIvar JørdreNato har lenge hatt ein politikk for å kunne kjempe for sine imperialistiske interesser langt ut over Nato-området. Out of area-strategien (nyare Nato-doktrine om å operera utanfor medlemsstatane sitt geografis

Publisert

Nato har lenge hatt ein politikk for å kunne kjempe for sine imperialistiske interesser langt ut over Nato-området. Out of area-strategien (nyare Nato-doktrine om å operera utanfor medlemsstatane sitt geografiske område) kom for første gang i praktisk bruk i Kosovokrigen i 1999. Sidan då har denne strategien vore Natos hovudline. Krigane i Afghanistan, Irak og Libya er typiske døme på denne politikken.

Dette er reine aggresjonskrigar. Dei har ingenting med forsvar av til dømes Noreg å gjere. Men det er denne typen verksemd som no er berebjelken i Noregs militærdoktrine. Dette og meir er det «nye-Nato» si rolle.

Eit skakande og sterkt døme på eit Nato-land som Noreg si deltaking i «out of area»-strategien til Nato, er sjølvsagt bombinga av Libya i 2011 (eit anna døme er bombinga av Serbia i 1999). Frå ein FN-resolusjon om flyforbodssone i Nord-Libya til full bombing og regimeskiftetaktikk, var vegen kort. Uhyggeleg kort!

Når stormakta USA med Noreg på slep endrar intensjon «over natta» utan nokon debatt i det heile i Stortinget, vert forsvarsdoktrinen vår: frå landforsvar til leverandørar av leigesoldatar i imperialismen si teneste.

Heller ingen stor debatt av konsekvensar kring store militærøvingar i mainstream-media finst det mykje av i Noreg. I september 2017 var militærøvinga Aurora 17 i Sverige den største svenske militærøvinga siden 1993. Meir enn 19.000 svenske soldater øvde krig samman med 2000 soldater fra USA, Finland, Frankrike, Norge, Danmark, Litauen og Latvia. Sverige har i seinare tid fått offisiell partnarstatus i Nato-alliansen. Samstundes hadde Russland øvinga Zapad, som hadde større dimensjonar enn den svenske. Zapad (som tyder «Vest») er ei gjentagande øving med nokre års mellomrom. Her simulerer russarane forsvar mot eit miltært åtak frå Vesten mot Russland eller randstatane.

I oktober–november i år kjem nok ei stor øving, denne gongen i Midt-Noreg, med kanskje så mange som 40.000 soldatar og tusenvis av køyretøy og bruk 150 fly og 70 skip. Denne gigantøvinga kalla Trident Juncture 18 vert den største øvinga i Midt-Noreg på minst 15–20 år. Ein mindre del av øvinga skal gå føre seg i Sverige, Finland, på Island og i Austersjøen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement