Mat

Milde bønner

Ertesuppe kokt på svineknoke er ei kulinarisk velsigning.

Svartaugebønner blir iblant kalla kubønner og har ein mild nøtteaktig smak. Her finn du gode protein i lange banar.
Svartaugebønner blir iblant kalla kubønner og har ein mild nøtteaktig smak. Her finn du gode protein i lange banar.
Publisert Sist oppdatert

Det var ikkje tvil i mi sjel. Der, midt i glaninga, låg ein drusteleg, røykt skinkeknoke frå Voss og lokka. Eg kunne ikkje styre meg. Eg måtte ha han.

Det er lite som slår bøkerøykt svinekjøt av god kvalitet, og dette gilde eksemplaret var også kutta, slik at det var ein lett jobb å skjere det heilt gjennom og få lett handterlege stykke i kokeprosessen.

Men korleis skulle eg lage vedunderet? Ertesuppe kokt på svineknoke er ei kulinarisk velsigning og noko eg lærte meg å elske i vaksen alder, om ikkje særleg trendy no for tida. Men så tenkte eg at dette er høvet til å lære meir om andre belgfrukter.

I kjedebutikkane finn du stort sett berre ihelkokte bønner på boks, som på ingen måte kan konkurrere smaksmessig med dei jomfruelege. Så eg gjekk i ei asiatisk sjappe som verkeleg byr på eit stort og spanande utval, og dermed blei det svartaugebønner og ei oppskrift inspirert av det amerikanske sørstatskjøkenet.

Desse bønnene stammar frå Vest-Afrika, der dei har vore ei stødig matkjelde i mange tusen år. Og det gir jo meining at desse bønnene også er populære i sørstatane, som hadde og har ei stor befolkning med røter i afrikanske land.

Som galen matmons må eg følgje med på kva andre galne matmonsar driv med. Ei utømeleg kjelde er «The Daring Gourmet», som kvar veke peprar innboksen min med sprelske matidear frå heile verda, hermed tilrådd til alle matinteresserte.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement