Teknologi

Mikromobilitet

Utsikt frå Fløyen. Med litiumbatteri og ny motorteknologi er problemet med topografi løyst. Ein kan sykla overalt utan å anstrenga seg.
Utsikt frå Fløyen. Med litiumbatteri og ny motorteknologi er problemet med topografi løyst. Ein kan sykla overalt utan å anstrenga seg.Utsikt frå Fløyen. Med litiumbatteri og ny motorteknologi er problemet med topografi løyst. Ein kan sykla overalt utan å anstrenga seg.
Publisert

Eg ser ut over Bergen frå Rundemanen. Eg har elsykla til 569 moh. utan å verta sveitt. I siste bakken vart eg forbikøyrd av ei dame på elsparkesykkel og ein far med to ungar i ein kasse på elsykkelen sin. Med ny teknologi er gravitasjonen oppheva, og terrenget er vorte flatt.

Eg set meg ned i graset og les byrådet i Bergens handlingsplan for sykkelsatsing. Eit strålande dokument med konkrete og gode planer. Lat oss vona at det vert omsett i handling, sjølv om politikarane truleg får budsjettsjokk når dei oppdagar at sykkelvegar er om lag like dyre som andre vegar.

Planen nemner knapt elsyklar og har ikkje eitt ord om elsparkesyklar som har revolusjonert måten ein ferdast på på korte strekningar.

Det er vanskeleg å planleggja, særleg framtida. Salige John Lennon sa det så viseleg: «Life is what happens to you while you’re busy making other plans». Så vart han skoten.

Den teknologiske utviklinga går no så fort at det nærast er uråd å planleggja. Eg hugsar godt ein konferanse om intelligent transport som eg deltok på i 2015. Der la ein store planar om å fylla vegbanen med kablar, slik at ein kunne få køyretøy til å verta sjølvkøyrande. Det ville kosta meir enn skjorta, og no, sju år etter, klarar køyretøya seg på eiga hand.

Det som manglar fullstendig i byrådets handlingsplan for sykkelsatsing, er stemmene frå dei som skal bruka herlegdomen. Byrådet hevdar å ha sendt ut eit spørjeskjema, men eg ser ikkje resultata nokon stad.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement