JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Men klesvasken min får du aldri

I juli gjorde eg noko eg lenge har tenkt at eg vil gjera. Eg kjøpte ei klessnor.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
11047
20220909
11047
20220909

maylinnclement@hotmail.com

Grunnen til at eg ikkje har gjort det før, er at eg har hatt ein for omstendeleg idé om kor eg skal montera snora. Eg har vore inne på tanken om å støypa pålar i jorda, å festa trinser til ein vegg, å byggja eit turkestativ – altfor omfattande prosjekt til at det har vorte noko av.

I hagen har eg ei gamal, stor bjørk. Bestefar min planta henne då han var sju år gamal, i 1926. Han fann den vesle bjørkespiren i ein dal ikkje langt unna og tok henne med heim med rota.

Bjørka står seks meter frå rekkverket til verandaen. Snora eg kjøpte i juli, festa eg med spikar i rekkverket, så strekte eg henne rundt treet og festa andre enden med ein ny spiker i rekkverket. Sånn. Der hadde eg to liner å henga klesvasken på.

Målet med klesturk er, som alle veit, at fuktige plagg skal verte turre. Vatnet må på ein eller annan måte ut av plagga, det er livsviktig for at menneskerasen skal overleva. Og ting som er livsviktig for menneske, er god butikk.

I 1970-åra byrja den elektriske turketrommelen å koma inn i dei norske heimane, som eit supplement til den alt innlosjerte vaskemaskina. I 1988 hadde 87 prosent av husstandane vaskemaskin, medan 26 prosent hadde turketrommel. Ein av dei som hadde begge delar, var familien min. Men turketrommelen vart ikkje gamal i den heimen. Ifylgje mor øydela han kleda. Han sleit dei sunde og pepra dei med nuppar. Etter trommelen vart teken ut nokre år seinare, har det aldri kome ny inn på vaskerommet. Kleda har vorte turka på stativ inne eller på den roterande klessnora ute.

Folk flest er likevel ikkje som mor. Sist gong det var turketrommelteljing i landet, i 2012, kom det fram at over halvparten av dei som har vaskemaskin, også har turketrommel. Samtidig som talet på turketromler har gått opp, har talet på klessnorer gått ned. Dei felles turkelofta med lange snorer som pla vera øvst i blokker, vart selde ut av fellesskapen og gjorde om til topphusvære. I 2017 kunne alle Schibsted-avisene, frå Stavanger Aftenblad til Bergens Tidende, fortelja den same saka om turkeloftet som vart «en perle med lys og fjordutsikt».

Somme er gode til å kapitalisera på noko ein kan gjera gratis. Putta inn eit fordyrande mellomledd som me trur me treng. Kva er vel betre enn å bruka den store utandørs turketrommelen – vinden? Det er kanskje mykje regn på Vestlandet, men ikkje nok til at kleda aldri vert turre. Vinden gjer alt ein turketrommel gjer, utanom å samla opp lo langs døra.

Bukser, T-trøyer og sokkar på ei line seier meg at her er det liv, her lever kvardagen. Heng det sengetøy til turk, betyr det at i denne heimen skal nokon få leggja seg med nytt på senga i kveld. Det er universelt i alle land som praktiserer dyne og pute, at reint, friskt sengetøy gjev velvære.

Reint estetisk kan ikkje ein turketrommel måla seg med ei klessnor. Dette veit dei som bryr seg om estetikk, som filmskaparar.

Ta til dømes En spesiell dag (1977) av Ettore Scola, med Sophia Loren og Marcello Mastroianni i hovudrollene. Bakteppet for handlinga er ein dag Hitler kjem til Roma for å vitja Mussolini i 1938, og fascistektemannen og dei seks borna til Antonietta (Loren) går ut for å vera med på den store feiringa. Antonietta vert att heime med husarbeidet. Denne dagen møter ho ein mystisk nabo ho ikkje kjenner frå før, den einaste andre attverande i blokka, Gabriele (Mastroianni). Filmen er nydeleg, mykje på grunn av klesvaskscenene. Dei nye venane diskuterer og dansar mellom rekkjer av dukar og dynetrekk som heng til turk på taket, og aldri er dei så nære som når dei brettar laken saman. Ho, ei husmor i ein fascistisk heim. Han, ein homofil oppsagd journalist med fascistane på nakken.

Etter at eg byrja å sjå etter det, ein gong i løpet av våren, har eg oppdaga ei snor med kle på i kvar einaste film eg har sett, frå gamal til ny, og frå heile verda. Det er ikkje tull. Dei turkar kle i egyptiske Cairo Station frå 1958, og dei turkar kle i israelske In Between frå 2016.

Spagetti og kjøtbollescena i teiknefilmen Lady og landstrykeren (1955) hadde ikkje vore den same om ei turketrommel stod og dura under stjernehimmelen i bakgrunnen.

Det har vorte ei fast avbryting i alle filmar me ser i heimen for tida, at eg ein eller annan gong bryt ut: «Ei klessnor!»

Du skjøner sikkert at eg ikkje har sett ein nyare New York-basert film på ei stund, for klesvasken i New York-filmar heng ikkje til turk. Vaskeriscener frå New York er derimot ein gjengangar, både i film og fjernsynsseriar. I New York vaskar dei fleste heller ikkje kleda sine heime, folk tek skitentøyet med seg ned på vaskeriet eller leverer dei inn til vask og får det ferdigbretta igjen. Eg var nøydd til å nytta meg av dette tilbodet ein gong, og synest det var underleg. Kleda eg fekk att var dei same, men dei lukta annleis og var bretta på heilt andre måtar enn eg gjer sjølv. Men klart, hadde eg vore der med Jerry og George og samtala om ingenting, kunne eg nok vent meg til det.

Klesvask har eit ufortent dårleg rykte. Folk snakkar ofte om det i negativt toneleie, det er noko dei må gjera, ikkje noko dei vil. Klesvasken er liksom skuggesida av å eiga kle.

Det at ein gjer dette – snakkar ned klesvasken – er vorte ein kjempeindustri. Medan kjøkena og bada har vorte pussa opp til det keisame, er det no vaskerommet som står for tur. Dei som sel innreiing til vaskerom, som enn så lenge er den same innreiinga som dei sel til kjøken, seier at det er keisamt å vaska kle, slik at dei kan selja oss ideen om at det kan verta kjekt, berre me byggjer vaskerommet etter tipsa deira.

I 2020 vart igjen ei identisk sak trykt i alle Schibsted-aviser, frå Fædrelandsvennen til Aftenposten. Ho hadde tittelen «Fra utstøtt roterom til instagramstjerne» og handla om vaskerommet. «Det er så mange fine bad og kjøkken at ingen lenger blir imponerte. Vaskerommet har fått en ny status», seier intervjuobjektet som nyss har hatt innviingsfest for det nye vaskerommet sitt. «Vi har fremdeles vaskemiddel igjen fra festen.»

Eg har ikkje vaskerom med kjøkeninnreiing og turketrommel. Vaskemaskina står på badet, og kleda heng eg opp på eit turkestativ. Dette flyttar eg rundt etter vêr og behov – somme gongar ute på verandaen, andre gongar på gjesterommet med vindauget på gløtt, men som oftast står det framføre varmepumpa i stova. Dette trass i at fyrste turkeråd frå Folkehelseinstituttet (FHI) er å turka kleda ute, om mogeleg. Er det ikkje mogeleg, har dei ei liste over ventilar som kan opnast og vifter som kan slåast på for at det ikkje skal verta så fuktig inne.

Favorittrådet mitt frå FHI er: «Del opp klesvasken, slik at den tørker fortere.» Det er fint å vita at det er meir effektivt å hengja opp eitt og eitt plagg enn å leggja dei våte kleda i ein haug oppå turkestativet.

Stativet har fylgt meg i 16 år. Eg kjøpte det dagen eg flytta heimanfrå, det har vore med meg gjennom to kollektiv, der eg som regel turka kleda i det eine rommet eg kunne rå over, det kombinerte sove- og stoverommet mitt. Det er så langt frå tilrådingane til FHI ein kjem: Uansett kva du gjer, aldri turk kle der du søv. Konsekvensane er alt frå rote­skade til astma.

Hadde eg fått valet mellom å konstant ha skitne klede, men aldri hosta, eller å ha reine klede og astma, ville eg gått for det siste.

Eg likar å vaska kle. Eg likar prosessen, frå fyrst å sortera tøyet etter farge og kvalitet, vurdera kva som kan vaskast på kva temperatur, for deretter å setja på ein vask. Å hengja opp dei fuktige kleda er det eg likar best, og då spesielt handkle og handdukar. Dei små klutane bretter eg ein gong før eg heng dei opp. Då er dei alt ferdigbretta når dei er turre, og eg har gjort meg sjølv ei teneste.

Eg likar å få vasketips, og spesielt om dei inneheld varer ein ikkje finn i den innhaldsrike vaskemiddelavdelinga i butikken. Til dømes bruker eg sjeldan skyljemiddel, då eg mislikar sterk såpelukt frå kleda, men somme gongar spanderer eg ein skvett eddik på klesvasken. Eddik tek brodden av dårleg lukt, har eg høyrt.

Lukta lyt ein lytta til når ein står for klesvask. Lukt kan avsløra noko som ved fyrste augekast ser reint ut. Er eg i stuss om eit plagg er brukt eller ikkje, gjev eit kjapt sniff svaret.

Eg likar å få råd frå folk eg stoler på, folk med ein autoritet på feltet. Så når Karoline på den lokale husflidsbutikken seier at sitronsåpa På Stell tek dei vanskelegaste flekkane, eg treng berre væta flekken, gni på såpa og la det skumma litt, då vil eg ha det såpestykket. Når ei som kan bunads­skjorter inn og ut kjem med flekkfjernetips, lyttar eg.

Like sant som at klesvasken min er noko eg likar å gjera, er det noko eg mislikar at andre gjer. Ei veninne sa det var så herleg når svigermora kom på besøk, for best som det var hadde ho vaska alt skittentøyet. Eg måtte spørja om ho var riktig klok.

Klesvasken er det mest personlege i ein heim. Vis meg skittentøykorga di, og eg skal seia deg kven du er.

Det skal lite klesvask til før eg føler eg har gjort noko meiningsfullt. Når heile krinslaupet er gjort, frå vask, turk og brett til alt er lagt på plass, er eg så nøgd med meg sjølv at det stundom bikkar over i det usmaklege.

Eg ville ikkje gjeve det vekk for noko.

Sjeldan kjende eg på ein så stor nytteverdi som barn, som då mor ropte meg ut til snora på plenen og sa at no skulle me bretta dynetrekk. Me stod der og heldt dynetrekket i kvar vår ende, drog og strekte det ut før me bretta det synkront, hjørne mot hjørne, og strekte og bretta det igjen. Slik heldt me på til det var ferdigbretta. Det var som ein brettedans, nesten som Sophia og Marcello på taket.

Dette gjorde eg òg med bestemor mi då eg var på ferie i Austevoll, og sidan då eg flytta inn saman med henne. For også besto hadde ei klessnor ute.

Eg veit ikkje kva val eg gjorde der og då, men eg veit no, i ettertid, kva val eg ikkje gjorde, og det var valet om å bruka og ta vare på klessnora etter at besteforeldra mine døydde.

Klessnora deira likna ein stor T med seriffar, altså ein liten tverrstrek på endane av bokstaven, der det gjekk fleire liner mellom seriffane. Etter kvart som ho stod der og ikkje vart brukt, voks det ein stor rododendron inn i henne. Eg brydde meg ikkje, heldt på med noko heilt anna som eg ikkje veit kva er. Linene rauk, og toppen av T-en vart pressa så skeiv at han til slutt knakk. No er det berre ein stor I igjen, utan seriffar.

Det plagar meg at eg i tjueåra ikkje såg verdien av å ha ei skikkelig klessnor i hagen før det var for seint.

No står eg i stova og ser ut vindauget på dynetrekka som vaiar på linene mellom rekkverket og bjørka til bestefar, og kjem på at eg ikkje har strekt og bretta eit dynetrekk saman med nokon på over elleve år. Alle dynetrekka har eg bretta åleine.

Det er fredag, sola skin, blada på treet lagar levande skuggar på klesvasken, og om ein time kjem borna frå skulen. Då skal me for fyrste gong bretta dynetrekk saman.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Vis meg skittentøykorga di, og eg skal seia deg kven du er.

Klesvask har eit ufortent dårleg rykte.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Å seie opp EØS-avtala ville vere ei stor ulukke for norske verksemder, skriv Jan Erik Grindheim, professor og statsvitar i tankesmia Civita.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Ordskifte

Bør nasjonalegoisme styre vårt forhold til EU?

Å seie opp EØS-avtala er ikkje nokon veg å gå for å styrke det norske folkestyret, slik leiar i Nei til EU Einar Frogner seier.

Jan Erik Grindheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis