Sjakk

Mellom kunsten og sporten

Magnus Carlsen spelar for den fyrste verdsmeistertittelen sin på heimebane i finalespelet mot Wesley So.

Magnus Carlsen og Fabiano Caruana (t.v.) under Fischersjakk-semifinalar, dag 2, på Henie Onstad Kunstsenter.
Magnus Carlsen og Fabiano Caruana (t.v.) under Fischersjakk-semifinalar, dag 2, på Henie Onstad Kunstsenter.
Publisert

Om lesaren hugsar attende til år null, altså i februar fjor, vart det den gongen arrangert ein uoffisiell verdsmeisterskap på Henie Onstad Kunstsenter på Høvikodden. Ideen var å plassera det nasjonale klenodiet Magnus Carlsen i ei kunstutstilling, i det kunstnaren Dag Alveng kalla ein «ready-made performance». For å oppnå ein større effekt tok ein på vegner av kunsten bort vitskapen – opningsteorien – frå sjakkspelet.

Sjakkverda lika showet i Bærum, i ånda til Bobby Fischer, den ellevte verdsmeisteren, som formulerte reglane for fischersjakk i 1996. Ja, det gjekk så bra (Carlsen vann mot Nakamura) at den nye leiinga i verdssjakkforbundet FIDE valde å gjera fischersjakk til ei ny offisiell grein. Så i år er det alvor. Fischersjakken er ikkje lenger berre kunst, men ein sport som skal få si eiga rating og kongerekkje. Carlsen er, som vi veit, den siste i den klassiske rekkja med 16 meistrar frå 1886, og vil sjølvsagt gjera alt for å verta den fyrste i Fischer-rekkja.

Vanskeleg trekning

Etter om lag ti tusen fischersjakkparti i ulike kvalifiseringsturneringar sidan mai i år stod arrangørane att med fire semifinalistar av beste merke i «år éin» i den nye tidsrekninga for sjakken. Trekninga i rådhuset i Sandvika var brutal då Carlsen måtte møta verdstoaren Fabiano Caruana alt i semifinalen. Dei to andre semifinalistane, filippinsk-amerikanske Wesley So, som var nummer to i verda for eit par år sidan, og den beste russaren, Jan Nepomnjasjtsjij, smilte over å kunna styra unna Carlsen i fyrste omgang.

Men Carlsen var òg nøgd. «Eg vil møta ‘Fabi’», sa han til pressa. Carlsen ville visa publikum – etter dei 12 remisane i VM-kampen i London – at han kan slå den gode amerikanaren i parti etter parti, dag etter dag.

For utan opningsteori finst det ikkje lenger nokon god remisstrategi. I fischersjakk vert spelarane tvinga inn i kreativt kaos. Dei ulike startposisjonane oppstår ved at offiserane vert plasserte på fyrste- og åttanderada gjennom loddtrekning rett før partiet. Den kvite og svarte startstillinga må vera symmetrisk, og kongane vert plasserte på eit felt mellom dei to tårna, slik at ein kan rokera etter mønster frå klassisk sjakk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement