Mellom Egede og Paars

Kolonihistoria til Grønland er full av mannlege figurar frå litteraturen, her ein Don Quijote, der ein Sancho Panza, Candide, Hamlet, Baron von Münchhausen, men ikkje så mange Lady Macbeths, Opheliaer eller Emma Bovary-ar.

sgfhertherht 4yj4tyjetyh etyj erth eth
sgfhertherht 4yj4tyjetyh etyj erth eth
Publisert Sist oppdatert

I dei fyrste åra av koloniseringa av Grønland, 1728–36, er det to figurar som særleg gjer seg gjeldande: presten Hans Egede og guvernøren Claus Enevold Paars. Begge har eg skrive om før. Men dei er ikkje så lette å sleppe.

Grønland er undergang og oppstode. Den fyrste kolonien, Godthaab, blei grunnlagd i 1728. Eit mannskap på om lag hundre sjeler overvintra, ei handfull kvinner, resten menn; handverkarar, offiserar, prestar, lækjarar, proviantforvaltar og meinig mannskap. Alle mennene er kronikerte med namns nemning, berre eit par av kvinnene, men dei fleste må nøye seg med å vera statistar. Og rolla til nesten halvparten av dei er å døy. Då den fyrste våren mildnar lufta, har 45 bukka under for skjørbuk, lungesott og andre infeksjonssjukdomar, sikkert også sjølvmord. Hausten 1729 tek døden tak att. I dagboka til Hans Egede, Grønlands fyrste kronikør, får dødsfalla berre nokre få nøkterne ord med på vegen til æva: «I gaar døde den ene Smed og en af de gemeene Soldater.»

Eg skriv ein roman om denne tida, om grunnlegginga av kolonien Godthaab, og freistar å forvalte dette absurde kaoset i ei forteljing, freistar å vekkje opp dei døde, blåse liv i dei, gje dei namn att, la dei tala og handle, prøver å skapa ei slags meining av meiningsløysa.

Godthaab 1728–36: Det er Hans Egedes siste åtte år i landet. Og det er ei katastrofesone, ei scene der fantastar, middelmåtige og ulukkesfuglar boltrar seg i ein dødsdans.

Men desse to personane, Hans Egede frå Vågan i Lofoten og guvernøren, major Claus Enevold Paars, teiknar to ekstremar. Det er vanskeleg å førestelle seg to menn som er meir ulike.

Egede var ein slags tidleg naturvitskapsmann. Han har vore påverka, kanskje umedvite, av naturfilosofien på 1600-talet, forgjengaren for rasjonalismen på 1700-talet, med namn som Bacon, Galileo og Newton. Som mange prestar på denne tida var Egede ein halvstudert røvar som nok har lese ganske breitt, men neppe særleg djupt, og orientert seg om emne som rørde seg i ei tid der astrologi til liks med astronomi og alkymi blei sett på som ei fullgyldig grein av kjemien. Han gjekk til verket med ei blanding av vitskapleg stringens, iherdig arbeid i marka og nidkjær nedskriving av resultata, anten dei var positive eller ei. Ofte var dei ikkje det. Ofte var premissane for gransking?ane hans bygde på mistydingar og skrudde førestellingar, rett nok heilt på line med den meste forskinga i ei tid der vitskapen var utan eigenleg metodikk og sprikte i alle retningar. Men gjennom alle femten åra han oppheldt seg i landet, støtta han seg til ei stoisk kristen tru på at det han gjorde, var rett og velsigna av Herren.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement