Historie
¿ Med postveska over kvite vidder
Mellom Nordmøre og Trøndelag går postvegen gjennom snørike område. Her laut postbønder og andre farande ofte ta fram skia.
I Rindal ligg det eine av seks skimuseum i Noreg. Her har posten sitt eige hus.
Alle foto: Gaute Losnegård
Lytt til artikkelen:
Då John Barrow laut over Stangvikfjorden på veg mellom Bergen og Trondheim i 1833, var han lei fjordkryssingar. Dette var den femtande i rekkja, og han kunne såleis konkludere med at dei hadde montert og demontert hjula på karjolen i alt tretti gonger på turen. Samtidig skrytte Barrow av båtmannskapa som hadde hjelpt han og følgjet hans over alle fjordane og vatna: «Dei er fine menneske, aktive, sterke og robuste. Aldri har eg sett folk som var i så konstant godt humør, heile tida viljuge til å lyde ordre, og nøgde med forholda.» Barrow skriv at dei alltid hadde med seg ei flaske maltwhisky i båten som dei skjenkte skysskarane med, og drammane vart tekne imot med handtrykk og stor takksemd.
Frå Kvanne på austsida av fjorden går postvegen vidare gjennom Surnadalen mot Trøndelag. Dette er Hans Hyldbakks rike. Hyldbakk er truleg mest kjend for dikta sine, som blei ein del av repertoaret til gruppa Vårsøg i 1970-åra. Diktet «Vårsøg» skreiv han mot slutten av andre verdskrigen, og det heiter seg at våren i teksten er ein metafor for frigjeringa.
Hyldbakk vart 103 år gammal og gav ut ti diktsamlingar, men i volum er han størst som lokalhistorikar, med kring 11.000 sider fordelte på bygdebøker for seks kommunar og ei rekkje jubileumsskrift. Postvegen gjennom heimbygda har han skildra utfyllande, slik at vi kan følgje han nærast frå sving til sving: «frå Einmoberget kan vi enno fylgja han ovagjerds gjennom tunet på Sogge og vidare ovagjerds om Sonihaugen over Honnstadporten, gjennom Honnstadtunet og vidare beinast austetter ekrene i Austigard til elvamelen». Og så vidare over tre av sidene.
Vegen gjennom Surnadalen er ei eldgammal ferdsleåre. Her drog islendingen Stein Skafteson etter å ha rømt frå Trondheim, kan vi lese i Soga om Olav den heilage. Stein hadde fare frå byen utan løyve av kongen og overnatta hjå kongens årmann i Orkdal. Då årmannen ikkje ville gje Stein hest og slede til å fare vidare, sa Stein: «Om eg slett ikkje får råde meg sjølv i nokon ting for kongen, så skal eg ikkje tola slikt av trælane hans.» Så drog han sverdet, drap årmannen, sette seg i sleden og bad sveinen sin setje seg på hesten. Dei la i veg og køyrde heile natta, til dei kom fram til Surnadal.
Seinare drog fleire av danskekongane same vegen. Christian 5 reiste her sommaren 1685 med eit stort følgje av embetsmenn og generalar, hoffmenn og hoffdamer med tenarar. Vegen var då ikkje betre enn at dei fine damene og herrane laut ta til takke med hesteryggen. På enkelte strekningar var han så smal at to hestar berre så vidt kunne passere einannan utan fare. 19 år seinare, då sonen og tronfølgjaren Fredrik 4 drog mellom Bergen og Trondheim, hadde det vore visse forbetringar. Følgjet tok seg fram med vogn, men i motbakkane laut bøndene skubbe både hest og konge. Og fasilitetane på Surnadalsøra var skrøpelege, her laut kongen ta inn i eit hus «hvor der neppe var Plads for ham allene».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.