JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Med Kafka i Paris

«På Marigny-teatret gjekk Prosessen av Kafka, med ein vidgjeten skodespelar i rolla som Josef K... Det var ei framsyning som sette verda på enden.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3099
20240531
3099
20240531

Det var just det året me gjekk på Høgskulen i Paris. Der fekk eg ein ven for livet, Augusto frå Peru.

Kan hende fann me kvarandre av di me kom frå land med låg vyrdnad i verdssamanheng. Det fekk Augusto eit prov på fyrste dagen han vart teken imot av leiaren på skulen. – De kjem frå Peru, sa han, om det landet veit eg ikkje anna enn at det har mykje guano.

Guano, fugleskit, det var ikkje nett det gjævaste ordet å verta fagna med. Eg hadde vore i ei bilulukke og mist tennene i overmunnen. So me kjende oss tungmælte i andre lag enn vårt eige.

På Marigny-teatret gjekk Prosessen av Kafka, med ein vidgjeten skodespelar i rolla som Josef K... Det var ei framsyning som sette verda på enden. Når me gjekk ikring i gatene, tenkte me støtt på Josef K... som vart innkalla til avhøyr utan å ha gjort noko gale. Han fekk stikkordet «snikkar Lanz» og møtte Leni, unggjenta som førde han fram til forhøyrsdomaren.

Ein dag gjekk me i dei audslege gatene ved Gare d’Austerlitz. Ein kar frå Hokksund hadde slege lag med oss, han kom frå Shape, hovudkvarteret for Nato i Europa.

Då sa Augusto: Her må det vera at snikkar Lanz held til. Og øre som me var av Kafka-rusen, spurde me den fyrste me møtte: Kan De segja oss kvar snikkar Lanz bur? Han vifta oss vekk: Har aldri høyrt namnet.

Og slik gjekk det gong etter gong. Ikkje nokon kjende snikkar Lanz. I ei bakgate med ein bar kom ei gjente mot oss, ho hadde utringa bluse og såg blast på oss. Kjenner du snikkar Lanz, spurde me? Ho smilte og sa: Det er her, kom og fylg meg.

Augusto og eg vart fælne. Me har drive dette spelet for langt, sa Augusto, lat oss sjå til å koma oss bort herifrå. Hokksundkaren var modig, han hadde hoppa meir enn femti meter i Midtstubakken. Me freista å halda han att, men gjenta tok han i armen. – Lat dei berre gå, sa ho, du kjem med meg.

Me vart urolege den dagen og dagane som fylgde. Kva hadde me gjort? Lokka ein landsmann i ei felle?

Det gjekk tri veker før me høyrde frå han. Han ville møta oss på Café de la Saignée – årelatingskafeen ved Porte de Clignancourt.

Han stod i døra då me kom. Eg er ikkje åleine sa han, de må helsa på Liliane. Det støkk i oss. Kvar hadde me sett henne før? Det er Leni, sa Augusto. Ja, sanneleg var det gjenta frå Gare d’Austerlitz, ho som kjende snikkar Lanz. Me har vorte eit par, sa hokksundkaren, og dei dagane Liliane har fri, gjeng me her på loppemarknaden. Kan ein anna enn verta glad i henne, spurde han og tok henne innåt seg.

Me vart nyfikne og spurde henne ut. Nei, ho hadde ikkje høyrt namnet Lanz, ho hadde berre høyrt snikkar, og det budde ein snikkar i bakgarden, men han heitte sjølvsagt ikkje Lanz.

Hokksundkaren hadde fått ny sjølvkjensle, det var som om han endå ein gong hadde hoppa i Midtstubakken.

Enden på visa vart ikkje nett kafkask, sa Augusto, men ser ein ikkje von hjå Kafka, la han til, har ein ikkje lese han rett.

Asbjørn Aarnes

Frå spalta «Så sant som det er sagt» i Dag og Tid 19. mars 2005

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dokumentarfilmen følgjer Sondre Justad på ferda frå guterommet i Henningsvær til livet som popartist i Noreg.

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Filmen om Sondre Justad er både nordnorsk allsong og lovsong av det nordnorske.

Brit Aksnes

Heidi Gjermundsen Broch speler Vilde, her omgitt av dei imaginære «personane» i romanen, Rotta og Reven, spelte av høvesvis Karl-Vidar Lende og Thea Lambrechts Vaulen.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Leiken mot døden

Ei spenstig blanding av det brutale og det vakre i ei framsyning som godt kunne vore korta ned.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis