Med Jesus vil eg fara
Foto: Ludwik Szacinski / Oslo Museum
Det er den første verselinja, dei store anslaga som gjeld. Bjørnstjerne Bjørnson: «Ja, vi elsker dette landet». Dorothe Engelbretsdatter: «Dagen viker og går bort». Og Elias Blix sine store opningar, som «Himmelske Fader, herleg utan like», «Kling no klokka, ring og lokka» eller «No koma Guds englar med helsing i sky». Noko uroleg vel eg likevel ein annan retorikk som også finst hos Elias Blix, når eg får spørsmålet om å velje ein salme frå han: Ikkje ropet til den store Gud, ikkje opninga med dei store skaparkreftene. Eg vel salmen kor den første strofa varslar ei reise: «Med Jesus vil eg fara på livsens ferd i lag».
Så direkte. Så nedpå. Fem strofer har denne salmen, og du følgjer lett kvart ord. Desse er sungne høgt og lågt i kyrkja, helst lågt. Ei forteljing som er som den ferda ho fortel om. Du er natur: ei «grein» og ein blome. Men du er også eit levande eg, ein person til stades i denne verda frå vogge til død. Du har eit følgje som knyter deg til natur, til lesing og mystikk. Jesus er såleis eit vintre, ei Sarons lilje og ein skatt.
Det er uvanleg for meg i daglegtale å uttale slik ros og ære som den første strofa syng ut, ei slik tilknyting. Når ein sluttar seg til det kollektive eg i salmen, blir det gjerne oppfatta som ei privat vedkjenning. Men eg kan som fleire andre salmen utanboks, det er strofer lette å hugse. Eit reisemotiv, eit livsperspektiv og ein tilslutnad til samvær med ein som for meg er vanleg: Jesus som eg har høyrt om frå eg vart fødd. Salmen syng til han. Eg og fleire med meg er blitt fortalde om Jesus på ein slik måte at vi veit at historiene om Jesus følgjer oss til vi døyr. Og det kan desse historiene gjerne. For lyset frå denne blixsalmen lokkar, og er indirekte ei samanfatting av bileta om stjernehimmelen over oss og dei etiske lovene i oss, for å sitere filosofen Emmanuel Kant og formuleringa «sannings stjerna» i strofe 2. Elias Blix har også på plass inkarnasjonen i hjarta som staden der Jesus bur, ei tru frå Elias Blix sitt attenhundretal som kan sporast tilbake i tid gjennom barokken, til dei tidlege jesusforteljingane. Det er spor av mystikk. Gud er til stades i kvar trevl av tid.
Livet mitt er over utan hjarteslaga, men salmespråket fortel at Jesus ikkje døyr då. Den heilage vandrevisa eller reiseskildringa hos Elias Blix andar ut i ei fordjuping som vakkert knyter det guddommelege til eit ideelt landskap skapt av livsens dogg, av væte, sol og signa år (strofe 5).
Med Jesus vil eg fara
på livsens ferd i lag.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.