JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Med ei god kjensle av levd liv på Vesås

På garden Vesås, eit tun på ei flate over dyrka bakkar i skogen like nord for Vinje kyrkje, har Åsne Vesaas og Rune Bergstøl med tre born teke bustad i det nyleg vølte stovehuset. Fleire andre bygningar ventar på ei hjelpande hand.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Senger og skåp, klassisk innreiing med måling frå 1979.  Innreiinga er som skikken var då dei, mange stader på 1700-talet, skifta ut åren med peis og bygde loft over stova.

6519
20190712

Restaurering

Erik Solheim har restaurering av gamle hus som levebrød og deler kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.

Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

Lytt til artikkelen:

Dette er garden som diktaren Tarjei Vesaas vaks opp på. Utsynet er vidt over fjell og åsar. Det kom bilveg til tuns frå aust i 1952 og frå vest under Tokkeutbygginga i 1960-åra. Snaue to kilometer er det no frå europavegen gjennom bygda. I eldre tider måtte dei ta seg fram til fots, men då etter ein kortare sti. I dette tunet budde allsidige handverkarar. Bestefar til diktaren heitte òg Tarjei. Han var ein kjend vevstolmakar og fann opp tekniske utbetringar til vevinga og på fleire jordbruksreiskapar. Sonen Øystein var rosemålar og er omtala som multikunstnar av dei som i 2008 skreiv ein biografi om han, Åsta Østmoe Kostveit og Øystein Kostveit. Øystein Vesaas samla stoff til eit bokverk i tre bind – Rosemaaling i Telemark – som Riksantikvaren gav ut. For dette fekk forfattaren Fridtjof Nansens pris for framståande forsking. Det var Øystein som selde garden Midtbø til Tarjei. Seinare budde rosemålaren ikkje langt frå Vesås, på garden Lofthus i Bøgrend, der Henrik Sørensen og Harald Kihle ofte hadde opphald, til glede og inspirasjon.

Årestova

Etter det som har vore sagt, skal eldste delen av bustadhuset på Vesås vere ei årestove frå 1600-talet, og dette er no daglegstova, etter at huset i 1835 vart utvida i lengda og høgda. Peisen og den faste innreiinga er slik det var vanleg å gjere det når årestova fekk himling og loft oppå. Veggstokkane er av grov skog og magatelja – dei har oval form – som var vanleg i mellomalderen. Men det var ikkje vanleg at årestovene var i bruk så seint som på 1800-talet. Nokre spørsmål om denne historia står kanskje opne.

Ved sida av stova er eit kammers som ein periode hyste Vinje Sparebank, skipa av Vinje heradsstyre i 1909. I 1920 vart Eivind Vesaas, bror av diktaren, tilsett som kasserar. Etter ein skade då han var fjorten år, var han ikkje god til beins, og det var ikkje aktuelt å ta over garden. Banken med bøker og verdiar hadde han der han budde. Dit måtte kundane ta seg fram til fots. Først i 1938 fekk banken råd til å byggje eige hus.

No har Åsne og Rune fått seg eit stort og lyst kjøkken innanfor dei veggene som stod der. Også taket på huset er nytt, og dei har funne plass til vaskerom og bad. Men stova står uforstyrra, med veggfaste senger og skåp, rosemåla så seint som i 1979 av Olav Fossli frå Rauland. Ein tidlegare dekorasjon vart måla over. Omringa av benker og kubbestolar står eit solid bord. Under stova er det potetkjellar, og luke i golvet for å komme ned. Tidlegare var skikken å ta potetene inn i stova og tørke dei før dei vart sende ned i kjellaren gjennom to hòl i golvet, eitt for dei store og eitt for dei små.

Eldhuset

Foreldra til Åsne, Olav og Eli, dreiv garden med spælsau i mange fargar, skogsdrift og handverk – smiing, sylvarbeid, veving og spøting. Dei laga og selde Vesås-kurv, ei røykt middagspølse av sauekjøt. Dette held Åsne og Rune fram med. Slakteriet leverer rå pølser som dei røykjer i eldhuset og sel. Elles har begge arbeid utanfor garden. I låven frå 1952, då dyra kom i hus under eitt tak, har dei innreia pølselager og arbeidsrom. Der har dei òg sett inn flisfyringsomn som hetar vatn og gjev varme i kjøkkengolvet. Neste steg er å montere radiatorar i stova. Ho er ikkje vanskeleg å halde varm. Men dersom temperaturen fell om vinteren når dei er borte om dagen, tek det lang tid å få det lunt igjen. Tømmervegger held godt på varmen. Men nettopp på grunn av stor varmekapasitet, tek det tid å hete dei opp. Flisa ligg i ein silo og tørkar bak gisne vegger. Matinga til omnen går av seg sjølv. Fyren sloknar når temperaturen på vatnet er høg nok, og tenner automatisk når det trengst meir loge. Når siloen er full, går fyringa av seg sjølv i meir enn ei veke. Flis får dei delvis frå eigen skog, og elles av hunved og slikt, som dei lett får tak i. Å nytte trevyrke direkte til varme gjev meir energi enn om ein nyttar det til å lage drivstoff til bilar. Ei vanleg oppfatning er at ein kubikkmeter trefiber til brensel kan erstatte 160 liter fossil olje. Den same mengda omlaga til biodiesel, rekk berre til å sløyfe 55 liter olje.

Tunet

Eldhuset er framleis i bruk til å røykje Vesås-kurv. Det har lafta vegger i to høgder og står med nytt tak frå 2018. Like ved står badstoga, trengande til nytt tekkje. Nokre meiner at slike hus ein gong var nettopp badstover, men i seinare tider vart dei helst nytta til å tørke korn, utlagt i breie hyller langs veggene. Dei har kanskje hatt begge funksjonane på same tid? Garden har også smie. Der må dei skifte nokre rotne veggstokkar, og vøle taket, ein stor operasjon. Ut mot dalen står eit loft og eit bur tett i hop; Åsne kallar dei storeburet og vesleburet. Begge har bord på taket. Dei står framleis godt, men det store – frå 1732 – treng ny tekking om ikkje lenge. Alt dette har dei lyst til å få til. Dei har ikkje bruk for alle husa av praktiske grunnar. Men bygningane gjer tunet til ein heilskap som det går hòl på om ein av dei dett i hop. Litt i utkanten står eit langt yngre hus som i det ytre ikkje skil seg stort frå dei gamle. Dette er no kårhus.

I huset, seier Åsne, har ho ei god kjensle av levd liv. Dei unge no lever i ein samanheng med dei som har budd der før, og som har sett sitt vakre preg på husa. Dei står der i gjennomført kvalitet i material og byggjeskikk, i innvendig dekor og i spor etter praktisk nytte gjennom lange tider. Det dekorative stod sterkt i Vest-Telemark, og det meste vart skapt av gode handverkarar på garden eller i grenda. Med små born i huset tenkjer mora også på at materialane er naturlege og huset luftig. Med eit nymotens ord er inneklimaet godt. Åsne meiner at dette er sunnare for folk enn altfor tette hus med gassar frå kunstige stoff som ingen veit verknaden av på liv og helse. Kanskje har andre jamaldringar tenkt det same? Åsne veit om fleire yngre som har teke over gardsbruk, sett husa i stand og valt eit liv mellom gamle vegger.

Erik Solheim

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dei unge no lever i ein samanheng
med dei som har budd der før, og som har
sett sitt vakre preg på husa.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Foto: Universitetet i Bergen

Kultur
Morten A. Strøksnes

Nord-Noreg ord for ord

Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis