JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MatFeature

Ruslebiffen Ferdinand

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det beste er å bruke nokonlunde like store bitar. Dei minste treng eigentleg ikkje bruning, men eg gjorde det likevel.

Alle foto: Dagfinn Nordbø

4666
20220121

Oksehale

Oksehalesuppe- og stuingar finst i eit utal versjonar i Europa, Sør-Amerika, Afrika, Kina, India, Iran, Korea og Indonesia. Altså stort sett over heile kloden. Jamaicanarane tilset bønner til slutt, kinesarane brukar ris. Filippinarane lagar ein versjon med peanøtter.

Kokar du kraft på kjøt, vil du alltid ha glede av å hive oppi eit par gode stykke oksehale. Brun dei først og la krafta koke lenge. Hale bør ha minst tre timar koking, gjerne åtte. I kjøleskapet vil krafta ha eit feittlokk dagen etter. Det kan du ta vekk, men vil du ha meir smak (eller høgare kroppsvekt), bruk feittet.

Kjelde: Wikipedia

Ja, eg har vore på tyrefekting. Og nei, det var ikkje noko for meg – det var Ernest Hemingway som fekk meg til å kjøpe billett. Eg er nemleg éin blant millionar av menneske som kvar bidige julaftan klokka 15.03 må benke meg for å sjå Kalle Ankas jul på SVT, der høgdepunktet er kortfilmen om den fredelege oksen Ferdinand.

Han har sett varige spor. Vanen la eg meg til mange år før NRK tok til å sende Disney på den store dagen, så den svenske versjonen kan eg utanåt: «Varför vill inte du gå med dom andra tjurarna och stångas, du med?», spør mora Ferdinand, og han svarar: «Nej, jag vill bara sitta här, i lugn och ro – og lukta på blommorna.»

Som lesarar av kulturavisa veit, set han seg på ei humle og går amok, noko som får talentspeidarane til å tru han er den sterkaste og villaste oksen i heile landet.

Men kva i all verda fekk dei til å tenke det? Ferdinand hadde jo sete bom stille, han! Han hadde ikkje trena éin einaste time. Ikkje hadde han slåst med dei andre tyrane, ikkje hadde han sprunge seg sterk og smidig, han hadde berre sete der, pal på rumpa, heile livet. Han må jo ha vore verdas største ruslebiff!

Trass i, eller kanskje på grunn av, denne openberre logiske feilslutninga (som sjølvsagt er lov i eit eventyr) blei historia ein enorm suksess. I 1938 selde boka om Ferdinand 3000 eksemplar i veka i USA og blei den største bestseljaren det året. Sidan har boka aldri gått ut av trykken, og ho er omsett til 60 språk.

Historia om Ferdinand fekk ulike reaksjonar: elska av Gandhi, hata av Hitler, som bannlyste boka. Franco-Spania forbaud boka, dette var jo i borgarkrigstida, og mange påstod at det heile var pasifistisk propaganda.

Det kan vel hende, men historia blei skapt av forfattaren Munro Leaf for at ein ven av han, ein ukjend teiknar, skulle få vist fram kvalitetane sine. Og ho er basert på ei sann historie, om ein spansk okse som faktisk har eksistert, og som etter ein pressekampanje blei benåda – midt i ei tyrefekting.

Men om eg elskar Ferdinand, korleis kan eg då ete oksekjøt? Det er min minste kunst. Eg viser heller respekt for dyret ved å verdsette heilskapen. Briljante tyrefektarar får iblant tildelt okseøyret, som løn for framifrå oppvisning. Sidan eg er dårleg med kappe og sverd, et eg til dømes gjerne halen.

Ein må jo bruke alle delane av eit dyr. Det er gamal visdom. Smalahove er like verdsett i Iran som på Voss, sjølv om dei ikkje drikk akevitt ved sida av. Islendingane gomlar vêrballar med liv og lyst. Oksehalar finst på tallerkenen i alle verdsdelar, tillaga på ei rad ulike måtar. I tidlegare tider i Frankrike blei huder av storfe leverte til garvaren med halen inkludert, inntil nokon oppdaga potensialet.

I dag veit vi at det knapt finst meir smakfull føde enn oksehale. I USA fekk matkonsernet Campbell stor suksess med å selje ein hermetisk versjon, men som alltid blir det best når du lagar maten sjølv.

Slaktarbutikkar sel ofte halane frosne, men prøv å skaffe bitar av nokolunde lik storleik, dei som har steikeflate. Du brunar dei godt på sterk varme og lèt dei putre i time etter time, med eit par boksar hermetisk tomat (dei heile er alltid den beste kvaliteten), og grønsaker.

På nettet finn du oppskrifter frå heile verda, som denne frå Jamaica, der halen blir trykk- eller langkokte med brunt sukker, soyasaus, allehande, worcestersaus, kvitlauk og ein av de aller sterkaste chiliane, som scotch bonnet eller habanero.

Av grønsaker blir stort sett alle variantar av lauk og gulrot brukte, jamaicanarane set smak med kraft, litt ketchup og frisk timian. Kok så lenge du orkar, tre til åtte timar, for dette er seige saker der det tar tid å bryte ned bindevevet. Skum av med jamne mellomrom i starten.

Mange serverer halen med bein og det heile, sjølv tar eg ut kjøtet av beinet og serverer det som ragu, til dømes på breibandspasta eller med rotmos.

Bon Appétit, og send ein venleg tanke til Ferdinand!

Dagfinn Nordbø er tekstforfattar og satirikar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Smalahove er like verdsett i Iran som på Voss, sjølv om dei ikkje drikk akevitt ved sida av.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis