Ostelengt i Tryggvasons by
Dommarane vurderte 4502 ostar på oste-VM i Trondheim 26.–28. oktober i år.
Foto: Odd Mehus / oste-VM
Dei ville ha meg til å halde innlegg om norsk matkultur under den store ostekappleiken. Eg svara ja, for eg meiner mykje om saka. Altfor mykje. Eg skreiv og skreiv, og til slutt vart det skapeleg. Litt refs, nokre anekdotar, ein dose fakta og så ei klype satire og humor. Det er slik dei vil ha det.
Då eg skulle sjekke flybillettane, viste det seg at eg hadde kjøpt dei til feil dato. Eit døgn for tidleg. Typisk distré forfattar hvis sinn monne flyve så vide omkring.
No er det ikkje akkurat nokon stor katastrofe når arrangøren straks skaffar ei ekstra natt på drustelege Britannia Hotel, og vêret var jo framifrå. Men kva skulle eg gjere denne dagen? Ikkje vanskeleg å finne på noko. Eg kjøpte meg eit (oste)smørbrød, eit stort krus kaffi og gjorde det eg alltid gjer: Sette meg på ein benk i solskinet og glante på folk. Heile dagen.
Eg fann ut mykje og mangt om trønderane den dagen. Mannfolka er tre meter høge, damene to meter, dette er nok inspirert av Tryggvason på sin høge sokkel. Dei har gode frakkar. Kvinnfolka òg. Kvinnfolk kler ein gild svart frakk. Eg prisar meg lukkeleg over at den gyselege moten med dynekåper no er over. For ein gjennomført fæl epoke.
Mannfolka ber sikspens. Dei som ikkje har sikspens på hovudet, har gløymt han heime eller er på veg for å fluksens kjøpe ein. Så, medan eg sit på benken i Nordre gate, blir eg var ein liten kar: småsporven. Han gjeng no ikkje i tunet og tippar korn og ribbar strå, for garden er vel nedlagd og ombygd til spahytte for ein eller annan ladejarl.
Småsporven, han gjeng i Nordre gate no. Eg gir han ein liten bit av smørbrødet, det viser seg at han set pris på både ost og brød. Det du får av naturen, skal du alltid dele med dei som lever i naturen. Sjølvsagt er det eit spørsmål om Nordre gate i Trondheim er naturen, men det er flust av fine tre i alle fall. For småsporven er det no naturen. Her finn han jo mat. Det gjer duene også, for dei er så feite og fine at dei snarast bør melda seg på aerobic.
Så kjem dagen eg skal halde innlegget mitt. Det er i eit digert idrettsanlegg, og i salen sit det tett med matfolk og notabilitetar. Ein av dei har kjede rundt halsen. Dei klappar og ler. Eg trur dei er nøgde.
Så skal eg heim att til hotellet, klokka er enno ikkje tolv. Utanfor idrettsanlegget er det rim på bakken, lauvfall og sleipt gras. Så eg sklir og ramlar rett på rygg. No er gode råd dyre, for når ein mann med min monalege pondus ramlar på rygg, blir han som ei hjelpelaus havskilpadde.
Eg ligg der og viftar dramatisk med luffane og kjem meg ikkje opp. Til alt hell kjem det springande til ein lege og to andre helsearbeidarar. Det er jo eit idrettsanlegg, må vite. Dei blir redninga for meg. Dei får i fellesskap hala meg opp, men i oppheisinga får venstre akilles seg ein stygg smell.
Dei tømmer meg så inn i ein taxi, og framme på hotellet kan eg konstatere at eg er lemster i absolutt heile kroppen, og det er ikkje råd å gå eller stå på foten utan store smerter. Så det vart ikkje noko ostekappleik på meg. Eg måtte pent stå over arrangementet om kvelden.
Småsporven gjeng i Nordre gate.
Foto: Dagfinn Nordbø
Så eg er nok den første personen i historia som har vore tre dagar til endes på eit oste-VM og ikkje smakt så mykje som eit milligram ost. Eg kan sjølvsagt ikkje rekne med osten på smørbrødet i Nordre gate, og mykje av det gjekk jo til småsporven. Duene og kråkemor fekk også sitt. Dessutan var det slik ein iskald smaklaus Norvegia, av di alle kjøpesmørbrød i Noreg blir serverte kjøleskapskalde.
Eg er jo litt stolt. Eg er nok fyrst i verda om dette: oste-VM utan ein einaste bit ost. Det er trass alt ei bragd, det òg. Men eg lærte mykje om trønderane der eg sat og glante i Nordre gate. No veit eg alt om dei.
Og eg trefte på småsporven. Det veg opp for mykje. Han tok meg tilbake til songtimane på Løren folkeskole på 60-talet, der den 70-årige jomfruelege og sterkt religiøse songlærarinna fru Torp med rett pannelugg var fyndig forsongar på «Småsporven gjeng i tunet».
Dagfinn Nordbø er satirikar og tekstforfattar.
post@nordbo.no
Småsporven gjeng i tunet
Småsporven gjeng i tunet
og tippar korn og ribbar strå
og hev so god ei une
og lær åt katten grå.
Pip, pip, det so seg lagar
alle dagar,
at Monsemann meg jagar,
men kan meg aldrig få.
Eg er so lett på vengen
og Mons må sleikje seg om trut;
kvitt, kvitt, den gamle drengen,
han fekk so mang ei sut.
Og om i vide ringar
hauken svingar,
eg bort meg kverv og kringar
og slepp av leiken ut.
Eg lever dagar lette
og er fornøgd, å ja, å ja!
Kvar dag eg fær min mette
som eg helst vil ha.
Pytt, pytt, kven spør om føda?
Nok i løda!
Der ligg den rike grøda;
der kan eg berre ta.
Og tidt eg fær i joli
ein godbit fin av Veslemøy;
og frys det, hev eg skjol i
det gode varme høy.
Og so – kvitt-kvitt, godmår’n!
so kjem våren;
då fri på vengen boren
eg bygger reir på øy.
Arne Garborg, frå Haugtussa
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eg ligg der og viftar dramatisk med
luffane og kjem meg ikkje opp.
Fleire artiklar
Foto: NTB
«Arne Paasche Aasen var ein av dei mest produktive poetane i Noreg.»
Denne havsvala har fått ring kring beinet og skal snart flyge av garde. Mykje står att å lære om arten, som særleg sjømenn har møtt inntil nyleg.
Foto: Lars Tore Mubalegh-Håvardsholm
Julefuglen i augustnatta
Havsvala tel blant dei minste sjøfuglane i verda. Ho er omtrent stor som ein sporv, men kan leve lenger enn tretti år.
Angela Merkel vart forbundskanslar i 2005.
Foto: Michael Sohn / AP / NTB
Angela Merkel har mykje å læra oss om korleis politikk vert hamra ut – med fornuft.
Finansminister og leiar for Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum på landsstyremøtet i år. Partiet har falle kraftig på dei nyaste meiningsmålingane.
Foto: Thomas Fure / NTB
– Populisme er ikkje noko å vere redd for
Trass i dårlege meiningsmålingar har statssekretær Skjalg Fjellheim trua på at Senterpartiet har den beste politikken for Noreg.
Ein mann trakkar på ein plakat av Bashar al-Assad i Damaskus.
Foto: Amr Abdallah Dalsh / Reuters / NTB
Uviss lagnad for Syria
Det store spørsmålet no er kva som vil skje framover i Syria, etter at opposisjonen overraskande fort tok over heile det regimekontrollerte Syria nesten utan militær motstand.