New York, New York
Steve Winwood og Eric Clapton i den fyrste av dei tre konsertane i Madison Square Garden.
Foto: Richard Drew / AP / NTB
New York
Henry Miller sa seint i livet at han hata byen: «That old shithole, New York, where I was born.» Søk gjerne opp artikkelen i The New Yorker: «Henry Miller, Brooklyn hater».
Clapton og Winwood-konsertane i Madison Square Garden blei filma og utgitt på plate og DVD. Eg tilrår alle som elskar den typen musikk, å leite dei opp.

Eg har aldri opplevd Amerika, men eg har vore i New York. Det er jo ikkje kvar dag ein kan oppleve gitarguddommen Eric Clapton saman med Steve Winwood i den drustelege Madison Square Garden.
Difor sette to musikkgalne kompisar kursen mot The Big Apple ein bikkjekald februar i 2008. På flyet fylte vi samvitsfullt ut turistskjemaet og valde å krysse av for «Nei» på spørsmålet om vi hadde tenkt å gjere terrorverksemd under opphaldet. Den slags hadde vi jo ikkje tid til med ei knapp veke til rådvelde, og ingen av oss er kløpparar med verken maskingevær eller bombeproduksjon.
Vel framme i sentrum fekk vi oss ein god latter, fordi det hadde snødd; og når newyorkarane får nokre bitte små centimeter snø, går heile butikken fullstendig i stå. Det totale kaoset inntreffer, fem centimeter nysnø vert definert som naturkatastrofe, men som ihuga nordmenn med solide vintersko skreva vi bråkjekt over dei ørsmå snøfonnene med nordisk lette, medan tynnkledde kontoristar og damer i høghæla sko låg strødde bortetter fortaua.
Endå meir underhaldning fekk vi da vi kom til hotellet. Det var nemleg av typen som skuldar tre stjerner: Livsfarleg trapp utan rekkverk, avflassa tapet, baderomsdør som ikkje kunne opnast utan å flytte kommoden, dusj der det tok ti minutt å få varmt vatn... Verkeleg skandaløst. Det kunne vi ikkje gjetta på førehand, for prisen var absolutt ikkje blant dei lågaste, men med adresse like ved sentrale Times Square kan ein tydelegvis krevje kva som helst for eit krypinn. Nokre år seinare oppdaga eg at hotellet var blitt kåra til New Yorks aller verste. Eg skal sjølvsagt ikkje nemne namn, bortsett frå at det heiter New York Inn. Ikkje bu der.
Men, kven drar til verdas kulaste by for å sitje på hotellrommet? Konserten var naturlegvis ein fest og ei glede, der vi 20.000 fans sat med stjerner i auga og fekk nyte nostalgien frå ungdomen med repertoar frå Cream, Bluesbreakers, Blind Faith og sjølvsagt solokarrieren til herrane. Då dei trådde til med «Sunshine of Your Love», eksploderte heile arenaen i pur lykke.
Dagen etter skulle det atter ein gong vise seg at vi var nordmenn, for vi fekk den geniale ideen at vi skulle «gå ned til elva». Det er jo eit heilt fint gjeremål sommarstid, men Hudson River i februar er ikkje heilt det same. Vi fraus nesten testiklane av oss, så det var godt vi begge på det tidspunktet var ferdige med alle planar om formering.
Og Times Square er jo morosamt i berre ein halvtime, så det ikoniske Greenwich Village blei vårt føretrekte hangout kvar einaste kveld. Nærmare bestemt kafeen Ciao, som baud på den mest overdådige spagetti med hummar. Det var nesten så vi skamma oss, så mykje hummar var det, og vi fekk litt av same kjensla på Carnegie Deli, der vi blei servert ein pastramisandwich som kunne metta heile Finnmark.
Det er noko med Amerika og svære ting, som vi alle veit: Sist gong eg sjekka verdas største hamburgar, vog berre kjøtet over 62 kilo, ein grei ting å hugse om du finn fram til Mallie’s i Detroit. Han er nok ikkje laga for berre éin person. Men ein annan restaurant i Amerika serverer ein halvannan kilos hamburgar gratis til alle kundar som veg over 150 kilo. Bidens helsedepartement har altså ein jobb å gjere når dei er ferdige med det du veit.
Burgar treng slett ikkje vere så usunt. Det held med 150 gram kjøt per person, og prøv gjerne den nye kjøttdeigen med 10 prosent feitt. Saftfylden og smaken held du på ved å blande inn finhakka sjalottlauk og friske urter, pluss ein dæsj worcestersaus og rive skal frå ein økologisk sitron. Dander med sprø salat, sylteagurk og tomatskiver, og bak brøda sjølv med halvparten grovt mjøl.
Kva skjer med New York? Byen vil sjølvsagt reise seg igjen, mykje kjem til å bli forandra, men vi har lov å håpe at noko blir til det betre. Til dømes meir servering utandørs.
Forfattaren Henry Miller blei beinveges frankofil da han kom til Paris og kunne sitte på fortauet og glane på folkelivet. Blakk som han var, var det som ein draum å kunne sitte på gateplan og glo på folk i timevis – berre ved å kjøpe ein liten kopp kaffi.
Dagfinn Nordbø
Dagfinn Nordbø er tekstforfattar og satirikar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Hotellet var av typen som skuldar tre stjerner.
Fleire artiklar
Sunniva M. Roligheten debuterte som romanforfattar i 2022. Boka som kjem ut no, har ho skrive saman med Daniel A. Wilondja.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss
Orda mellom oss
Sunniva M. Roligheten, Daniel A. Wilondja og Google Translate har saman skrive ein fascinerande tekstkollasj.
Teikning: May LInn Clement
«Blokk har vore nytta om stabben folk vart halshogne på.»
Med jamne mellomrom legg Riksrevisjonen, her representert ved riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fram undersøkingar med nokså hard kritikk av korleis vedteken politikk vert gjennomført av forvaltinga.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Eit spørsmål om kontroll
I rapport etter rapport kritiserer Riksrevisjonen statlege institusjonar for feil og manglar. Men kva kjem det eigentleg ut av kritikken?
Odd Nordstoga slo gjennom som soloartist i 2004. No har han skrive sjølvbiografi.
Foto: Samlaget
Ein av oss
Odd Nordstoga skriv tankefullt om livet, ut frå rolla som folkekjær artist.
Stian Jenssen (t.v.) var alt på plass i Nato då Jens Stoltenberg tok til i jobben som generalsekretær i 2014. Dei neste ti åra skulle dei arbeide tett i lag. Her er dei fotograferte i Kongressen i Washington i januar i år.
Foto: Mandel Ngan / AFP / NTB
Nato-toppen som sa det han tenkte
Stian Jenssen fekk kritikk då han som stabssjef i Nato skisserte ei fredsløysing der Ukraina gjev opp territorium i byte mot Nato-medlemskap. – På eit tidspunkt må ein ta innover seg situasjonen på bakken, seier han.