JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MatFeature

Min andre heimby

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vence i Alpes-Maritimes i Frankrike.

Vence i Alpes-Maritimes i Frankrike.

Foto: Myrabella / Wikimedia Commons

Vence i Alpes-Maritimes i Frankrike.

Vence i Alpes-Maritimes i Frankrike.

Foto: Myrabella / Wikimedia Commons

4790
20210521

Fakta

Bent Rej var eigentleg ikkje interessert i den nye rockemusikken, men ein dag stakk han på slump kameraet inn i bilen til The Beatles. Deretter begynte det å rulle. Du finn dei legendariske rockefotoa hans, og den fantastiske Carlsberg-kampanjen, på bentrej.com.

Arne Hestenes møtte Marc Chagall i Vence, og det kan du kan lese om i boka Galleri Plut. Han intervjuar også Matisse i same boka, under tittelen «Villdyr lager munter kirke».

I Vence har eg blitt kyssa på begge kinn av ein vaskeekte Bernadotte. Tenk det.

Blant dei store fordelane ved å vere med i ein kunstnarorganisasjon er kunstnarbustadene. Mykje kan seiast om at inspirasjon er ein illusjon, og at å skape handlar om hardt, vedvarande arbeid. Det er likevel ikkje til å kome frå at det å reise og opphalde seg i eit anna miljø gjer noko med folk som lever av det skapande arbeidet sitt.

Sjølv fekk eg eit positivt sjokk fyrste gong eg trådde inn i arbeidsbustaden til Nopa i sørfranske Vence. Leilegheita er eigentleg ein heilt vanleg familiebustad, men så oppdagar ein den enorme terrassen, som har ei fenomenal utsikt ned mot rivieraen inkludert kystbyane Nice, Juan-les-Pins og Antibes.

Vence, med sine 15.000 innbyggarar, funklar hovudsakeleg om sommaren og er økonomisk heilt avhengig av turistsesongen frå mai til september. Difor har eg ofte reist dit vinterstid, så eg slepp å hamne i altfor mange japanske fotoalbum med alpelua mi.

Ein svensk venn av meg, Lasse, som alltid brukte å sitte utanfor stamstaden Henry’s Bar midt i byen, blei heile sommaren tatt for å vere erkefranskmann og fotografert. Det var kanskje ikkje så merkeleg, sidan han no alltid var kledd i svart frakk, alpelue, pipe, eit glas Pernod – og sjølvsagt det knallraude Aristide Bruant-skjerfet elegant svinga rundt halsen.

Alle dei som tok bilde av han, skulle berre visst at han var ein pensjonert fysikklærar frå Uppsala. Kvar gong eg møtte han og spurde korleis livet var, svarte Lasse: «Alla mina dödliga sjukdomar är stabila!»

Mange kunstnarar har valt Vence for helsa si skuld. Ikkje minst Henri Matisse trong det provencalske klimaet for astmaen sin, og sanneleg bygde han ikkje ei kyrkje der òg, Chapelle Rosaire, mot slutten av livet. Det er eit unikt byggverk, blendande kvitt, lyst, revolusjonerande i forma og med glasvindauge som gir eit heilt spesielt fargespel i kyrkjerommet etter kvart som sola går over himmelen.

Kvar einaste litle detalj, frå veggmaleri, preikestol og prestekjolar til dørknottar, er designa av Matisse. Picasso rådde han på det sterkaste frå å gi seg i kast med prosjektet, men sanninga er jo at den store kunstnaren var grøn av misunning.

Matisse tilsette ei nonne som assistent under byggeprosessen, noko som gav næring til ikkje så reint lite folkesnakk. Forfattaren D.H. Lawrence budde òg i Vence på sine gamle dagar, og polske Witold Gombrowicz, ei av Dag Solstads viktige inspirasjonskjelder, om eg ikkje hugsar heilt feil.

Marc Chagall budde der og skjenkte ein mosaikk til byens katedral, som er landets minste. Sidan Vence hadde viktige kjelder til vatn, blei byen tidleg eit midtpunkt i området, og den pittoreske gamlebyen med murar, torg og tronge brusteinsgater er eit velhalde paradis den dag i dag. Borgtårna i bymuren, derimot, vart rivne under revolusjonen.

For ein som tar seg tid til å sitte rundt på byens barar nokre månader i strekk, er det rikeleg høve til å bli kjent med innbyggarane i Vence. Her blei eg venn med Alex, tidlegare sjeffotograf i franske Vogue, som hyra inn sjølvaste Salvador Dalí som redaktør for ei utgåve.

Her blei eg òg kjend med den danske fotografen Bent Rej, den første fotografen som fekk bli med Rolling Stones på turné. Sidan skapte han bryggeriet Carlsbergs berømte reklamekampanje «Probably the best beer in the world», der han avbildar den grøne Carlsberg-ølbilen i ulike settingar over heile jordkloden.

Kva et eg i Vence? Det dei lokale et. Blåskjel med pommes frites, daube (langkokt oksekjøtt), fiskesupper, omelettar, tartar, sole meunière. Nærleiken til Italia har også medført at pizza er like populært her som i nabolandet. Ein pizzaspesialitet verd å prøve er den med eit speilegg planta midt i. I andre land kallar dei han Bismarck.

Elles handlar eg sjølvsagt på marknaden, der den faste leverandøren min av ferske andeegg står kvar måndag. Ho sel meg også eigne ostar av upasteurisert geitemjølk. Grønsakene treng eg ikkje nemne, her bognar det overalt av lokale, økologiske, nyhausta lekkerbiskar.

No får vi berre håpe at dei ekstremt skeptiske og sta franskmennene lar seg overtale til å ta vaksinen. Viss ikkje blir det altfor lenge til eg kan kjøpe andeegg på torget i Vence.

Dagfinn Nordbø

Dagfinn Nordbø er satirikar og tekstforfattar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Leverandøren min av ferske andeegg står på marknaden kvar måndag.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis