Mat

Med vaffelen på rette staden

Før eg fekk sukk for meg, var det både sukker og syltetøy på vaffelen.
Før eg fekk sukk for meg, var det både sukker og syltetøy på vaffelen.
Publisert

Eg har høyrt det sagt at det å gå søndagstur er det norskaste som finst. Kan hende er det sant. Utlendingar stiller seg iblant uforståande til at nordmenn går ut av huset for å sprade rundt til fots utan eit spesifikt mål, men vi har jo ofte eit mål.

I barndommen min var målet hytta ved Trollvann i Lillomarka, som vi gjekk tur til kvar bidige søndag. Siste strekket var bratt som eit utforheng, men vi klaga ikkje. Vi skulle ut på søndagstur og stilte ikkje spørsmål. Sidan vi som dei fleste andre nordmenn ikkje gjekk til kyrkja for å heidre ein gud, gjekk vi i staden ut av huset for å kome nær den norske guden, som er naturen.

Så fekk eg sjølv ungar, og kvar søndag tok eg dei med ut på tur. Til same staden, hytta ved Trollvann, fordi vi budde gunstig til langsmed løypa. Det kom ingen protestar då dei var små, men så kom forandringa: Den eldste påstod at det faktisk ikkje skjer noko som helst av interesse når ein går tur. Det hadde han jo 100 prosent rett i. Ein berre går langs ein sti, det er tre langs vegen, har du flaks, får du sjå nokre ender, og det er i grunnen det heile.

Eg hadde no fått konkurranse frå Gamecube med pokémonspel, Tony Hawk og andre djevelsk underhaldande saker, og i spelverda skjer det som kjent noko absolutt heile tida, og det i ein rasande fart. Ein langsam gåtur vert derfor dørgande kjedeleg og hendingslaus samanlikna med den blinkande, forlokkande helveteshimmelen som er den japanske spelindustrien.

Så eg måtte ty til manipulasjon, velmeint lureri og bestikking for å halde søndagstradisjonen i hevd: Dei visste jo om vaflane dei fekk når dei var framme. Nysteikte, sprø, varme og herlege, med brunost, smør, rømme, syltetøy, alt som er godt? Eg måtte frå no av aktivt selje inn søndagsturen som ein ekspedisjon til «Vaffelhytta».

Det fungerte. Nysteikte vaflar er den ultimate lønna for å ha trampa seg gjennom gørrkeisam, sosialdemokratisk granskog. Hadde dette skjedd i dag, ville det vore mogleg å fange Pokémonar på vegen, fordi dei no virtuelt finst i milliontal overalt på kloden, men slikt fanst ikkje den gongen. Eg måtte sette min lit til den magiske tiltrekningskrafta frå Den Heilage Vaffelen – og det heldt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement