Kvardagshelten
Pizza Bismarck, her med egg, geitost, spinat og tomat.
Foto: Dagfinn Nordbø
Egg
Ettersom nye dyr kjem ut av egg, har egg vore eit mykje brukt symbol i mytologi og kultur.
Mange mytologiar har ei førestilling om eit verdsegg som er opphav anten til verda sjølv eller til dei første gudane.
Verdsegget som opphav til universet finst i vedisk mytologi.
I fleire versjonar av fønikisk, egyptisk og gresk mytologi blei den første guddommen klekt ut av eit egg.

Mange vil ut frå biletet tru at denne utgåva av Matmonsen skal handle om pizza. Men nei, sanninga er at eg fann dette biletet av ein Pizza Bismarck i samlinga mi på snart 40.000 bilete. Halvparten av dei er av mat.
I dei delane av Frankrike eg har vitja mest, altså i søraust nær grensa til Italia, er det ganske vanleg å få pizzaen servert med eit egg i midten. Kvifor kallar dei han Bismarck? Det er ei gåte.
Går du på nettet, finn du mange tvilsame påstandar. Ein av dei er at den prøyssiske statsministeren i 1862 heldt ein tale i Italia, der han sa at effektivitet ville krevje «blod og jarn», noko som feilaktig blei omsett til «blod og egg». At italienarane etter dette skulle markere Bismarck med å slengje egg på pizzaen, er altså i mi bok lite sannsynleg.
Når eg skriv kvardagshelten, er det altså ikkje pizzaen eg meiner, sjølv om eg veit at vi nordmenn et meir pizza enn noko anna folkeslag. Enkel kvardagsforsking seier meg at nesten alle som spring til butikken fem minutt før stengjetid, kjem ut at med ei flat, firkanta pappeske i handa.
Men nei, kvardagshelten er sjølvsagt egget. Egget, dette vesle mirakelet av ei næringsbombe, er redninga om du skulle ha gløymt å handle middag. Saman med litt bacon eller skinke, brød og tomat er det etter mi meining fullgod middag.
Har du nokre tomatboksar, som alle vettuge menneske bør ha i spiskammerset, kan du til dømes smelle i hop ein shakshuka: Steik hakka kvitlauk, chili og paprika mjukt, ha så i tomatane og kok i tjue minutt. Til slutt lagar du fordjupingar i tomatsausen og slepper eit egg oppi kvart hòl. Når dei er stivna, har du middag god som nokon!
Eggerøre kan også fint passere som middag, og det er mange triks som kan gjere han meir spanande. Steik på låg varme med godt smør, ha i litt salt og bland til slutt inn riven parmesan, pecorino eller annan smaksrik hardost. Fersk finhakka graslauk eller vårlauk gir god smak, og du kan også gjere eggerøra meir kremaktig ved å vende inn ei skei crème frâiche heilt til slutt.
Pytt i panne er ein gamal klassikar frå brune restaurantar, til dømes har Lorry og Schrøder i Oslo lenge hatt det på menyen, men han er vel noko gløymd no. Du lagar han lett sjølv – det er berre å bruke restar frå kjøleskapet.
Har du noko bacon, er det fint, steik det berre saman med bitar av kokt potet. Bønner frå boks gir gode protein, og til slutt topper du det heile med eit par egg. Har du restar av kokt ris, skal du sjølvsagt ikkje kaste det – og kven har ikkje nokon gong kokt for mykje ris? Steik han i ei djup panne med litt olje, slepp opp i nokre fine frosne erter eller grønsakblanding og steik mens du rører til dei er møyre, krydre med soyasaus og østerssaus, og slå til slutt i eit rått egg. Bland godt så egget vert kokt, det går på nokre sekund, og server.
Ein matskribent eg likar godt, påstod ein gong at alle egg smakar det same. Det er eg ikkje einig i. Blant dei som er godt oppi åra, vil kanskje nokon hugse at egga smakte fisk, og ganske riktig: Det var lenge vanleg å fôre hønene med sildemjøl her i landet. Det er det slutt på no, og alle veit vel etter kvart at det dyra et, vil setje smak.
Det er på same måte som med vin og terroir: Gode vinkjennarar har full oversikt over jordsmonn, bergartar og temperaturvariasjonar der vindruene vert dyrka, og kan kjenne skilnaden på den ferdige vinen. Slik er det også med egg. Egg frå lukkelege høner smakar best, for det dei hønene et, betyr noko.
Har du egg i huset, kan du til og med lage ein skikkeleg nostalgisk dessert, som dessverre også har gått av moten: eggedosis. Vips eggekvitane stive, rør plommene saman med sukker og bland det heile til slutt. Alle ungar elskar eggedosis, og det gir meg herlege vibrasjonar heilt tilbake til sekstitalet: måneferd på TV, studentopprør i Paris og rock’n’roll i radioen. Det var gode tider!
Dagfinn Nordbø er tekstforfattar og satirikar.
post@nordbo.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Cecilie Grundt med Vigleik Storaas, David Andersson og Fredrik Villmow.
Foto: Sigbjørn Berven
Solide røter
Cecilie Grundt har sett saman eit lojalt lyttande band.
Eivind Trædal har sete i Oslo bystyre for MDG sidan 2015. I vår kom det fram at han stiller seg til disposisjon for stortingslista til MDG.
Foto: Cappelen Damm
Den tunge kampen mot bileufori
Eivind Trædal viser fram politikkens fallitt på transportfeltet i boka På ville veier.
Donald Trump talar til tilhengarane i Traverse i Michigan 25. oktober.
Foto: Jim Watson / AFP / NTB
Trump ord for ord
Kva seier Trump på folkemøta? For å få eit inntrykk av kva han vil formidla til møtelyden, trykkjer vi den første delen av talen han heldt i vippestaten Michigan førre helg.
Una og Diddi er to storforelska studentar som må halde forholdet skjult, fordi Diddi alt har ein kjærast.
Foto: Arthaus
Gjennombrotet
Elín Hall herjar i dette vakre, velskrivne dramaet av Rúnar Rúnarsson.
Stian Jenssen (t.v.) var alt på plass i Nato då Jens Stoltenberg tok til i jobben som generalsekretær i 2014. Dei neste ti åra skulle dei arbeide tett i lag. Her er dei fotograferte i Kongressen i Washington i januar i år.
Foto: Mandel Ngan / AFP / NTB
Nato-toppen som sa det han tenkte
Stian Jenssen fekk kritikk då han som stabssjef i Nato skisserte ei fredsløysing der Ukraina gjev opp territorium i byte mot Nato-medlemskap. – På eit tidspunkt må ein ta innover seg situasjonen på bakken, seier han.