JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MatFeature

Kva er det beste husdyret?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Skinka er ein staseleg gjest som held seg i ro.

Alle foto: Dagfinn Nordbø

4567
20220401

Skjørost

Du treng fem liter skumma kulturmjølk.

Ha mjølka i ein stor kjele og varm ho opp til 45 gradar, då vil mjølka skilje seg i ost og myse. Mjølka må varmast opp sakte, ein bør helst bruke minst éin time. Jo betre tid du brukar på oppvarminga, desto betre blir osten.

Ta kjelen av plata og ta ut osten med holsleiv eller mjølsikt. Legg osten i ein mysesil eller eit osteklede, og lat mysa renne godt av.

Kjelde: Norsktradisjonsmat.no

Eg vaks opp med hundar. Dei var fuglehundar og opptekne av fysisk fostring – ut å trene skulle dei i eitt bankande køyr. Ikkje forstår eg kvifor – hundar treng jo ikkje skrytebilete på Tinder for å få fart på kjærleikslivet. Det er rett på sak der i garden.

Og kattar – jammen har eg eigd kattar i mitt vaksne liv. Fantastiske dyr, men dei er lite vane med menneske. Dårleg integrerte, spør du meg: Dei slit med å forstå alt ein ikkje skal gjere innandørs, til dømes fange og drepe hakkespettar, kattugler, pungrotter og den slags.

Og dei eig ikkje særleg kompetanse på moderne tekniske ting. Eg hugsar spesielt ein episode der eg hadde sett frå meg ei glovarm steikepanne på oppvaskbenken av metall. Då eg tok vekk steikepanna, hoppa kattjækelen straks opp der panna hadde stått. Dermed spratt han av garde som eit prosjektil og knuste sju Kosta Boda krystallglas som stod oppmarsjerte.

I moden alder har eg difor skjønt at det beste husdyret ein kan ha, er ei spekeskinke. Ho held seg i ro, og ho lagar ikkje lyd eller halloi på noko vis. Du treng ikkje mate ho og slepp dermed problemet du alltid har med husdyr: Hundar er svoltne heile døgnet, mens kattar plent nektar å ete maten om han ikkje er temperert til perfeksjon.

Spekeskinka har dessutan den store føremonen at når du har gått lei av ho, er ho borte. Ingen veterinærutgifter eller dyre riflepatronar. Når kjøtet er ete opp, går beinet i gryta og vert framifrå suppebase.

Set du skinka på stativ og skrur ho godt fast, er du òg sikra at ho ikkje stikk av saman med mann brann, høne pøne, gasse vasse og pannekaka. Nett no har eg ei spansk serranoskinke på stativet, fordi eg likar at skinka smakar noko anna enn berre salt.

Kva grisen et, er jo like essensielt som jordsmonnet for ein vin – og her har spanjolane den gode vanen med å sleppe grisane ut i skogen for å fråtse i nøtter. Denne gongen har eg gått grundig til verks for å lære korleis ein handsamar ei jamon serrano slik dei innfødde gjer det:

Skinkestativet kallar dei ein jamonero, sjølvsagt. Skinka skal stå på stativet med undersida av hoven vend oppover. Ein angrip då la babilla, som den delen blir kalla. Han høver best å starte med om skinka skal nytast i heimen, og det ikkje går med store mengder kjøt kvar gong.

Deretter må du ha du stor kniv og ein breiblada, fleksibel og tynn kniv å skjere skivene med. Du skal skjere frå hoven, ikkje mot. Først tek du vekk svoren med den store kniven. Så skjer du nokre tynne breie skiver av kvitt feitt, og dei legg du att på snittflata til skinka etter bruken, for å hindre uttørking og oksidering. Skal du ha stort selskap og må skjere mykje, snur du skinka og startar på hi sida, som dei kallar la maza.

Som sagt, spekeskinka er det perfekte husdyret. Du har alltid mat, anten det er til frukost, middag eller kveldsmat. Ho kan varierast i det uendelege – i salat saman med høvling av ein god hardost, eller med terningar av kvit geitost av typen feta eller chevre frå Haukeli. Melon con jamon er ein spansk klassikar.

Eller et skinka med eggerøre, eller ein god potetsalat med eple, fennikel, sjalottlauk, kvitlauk, rømme og majones. Du kan ha ho på pizza, men legg då gjerne skinka på etter at pizzaen er ferdig steikt.

Vil du ha steikt spekeskinke, er ho også glimrande i salatar eller i andre rettar. Legg skivene på matpapir i steikeomnen i fem minutt på 180 gradar, hakk dei opp og bruk bitane som garnityr på supper, eller som crunch. Og prøv gjerne saman med skjørost! Han finst i butikk, om du ikkje lagar han sjølv (sjå oppskrift).

No har eg ført prov for at du aldri vil finne eit betre husdyr enn spekeskinka. Du slepp å gå til innkjøp av klorebrett, katteseng, leikebein og hundehus. Skinka klarar seg fint med ein bomullspose rundt seg på stativet. Ho er nøgd med å stå kjølig, og eg lovar: Ho legg seg aldri til å sove og røyte saman med dei beste kasjmirgenserane i klesskåpet og lagar aldri bråk og spetakkel om natta fordi ho vil ut. Gjer ho det, kontakt leverandøren.

Dagfinn Nordbø er tekstforfattar og satirikar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I moden alder har eg skjønt at det beste husdyret ein kan ha, er ei spekeskinke.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis