JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MatFeature

Kattane i Essaouira

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Fiskebåtane tyder på eit overskot av enkeltmannsforetak.

4356
20210618

Essaouira

På slutten av det første hundreåret etablerte den berberske kongen Juba II ein purpurfabrikk i Essaouira. Purpurfargen kom frå ein spesiell type skjel og fekk blant anna æra av å farge stripa på togaen til romerske senatorar.

Fram til slutten av det 19. hundreåret fungerte Essaouira som Marokkos viktigaste hamn. Gjennom dette knutepunktet passerte varer frå karavanane og ut i verda.

Mohammed III oppmuntra jødar til å slå seg ned i Essaouira og ta seg av handelsverksemda med Europa. Byen har derfor ei rekke gamle synagogar og ein stor jødisk gravstad.

Kjelde: Wikipedia

Då eg gjekk gjennom bileta eg tok i Essaouira, slo det meg at nesten alle inneheldt ein eller fleire kattar. Det er kanskje ikkje så merkeleg. Denne byen, som ein gong var særs viktig, fungerte som hamn for Marrakech.

Vandrar du i hamneområdet, ser du kattar i hundretal i nærleiken av dei små knallblå fiskebåtane. Fiskarane bøter garna sine eller pussar på farkostane sine, og om kvelden kan du kjøpe litt av fangsten deira og ta han med heim, eller bli servert i dei enkle grillrestaurantane. Der kan du velje det du vil av sprellfersk fisk og skaldyr, og få det grilla over kol og servert med sitron og noko enkelt attåt. Det du dessverre ikkje kan få, er eit lite glas kvitvin til maten.

I eit relativt liberalt mus­-
limsk land som Marokko er alkoholen tolerert, så lenge han ikkje synest veldig godt. Derfor går mange vitjande på restaurantar som Taros, strategisk plassert på eit av hustaka i byen, med ein rikhaldig meny av sjømat og alt det tørsten din trår etter.

Essaouira er, som mange kystbyar, ein stad der du ikkje kastar bort tida med å ete kjøt. Det enkle i rå østers eller grilla sjøkreps vil alltid tiltale meg som det beste ein kan ete. Der eg i Thailand fekk servert dagens største hummar og skuffa måtte konstatere at kjøkenet hadde øydelagt han med tonnevis av krydder og unødig krimskrams, kan du i Essaouira gå rett til kjernen.

Eg forstår meg ikkje på folk som øydelegg fantastiske råvarer med bunkevis av kvitlauk og fancy krydderblandingar. Det er det same som ofte skjer med lam: Den reine, enkle og himmelske smaken av lammekjøt treng sjeldan meir enn litt urter, salt og pepar, og det same er tilfellet med skaldyr. Vil du grille heil fisk, legg han gjerne på skiver av sitron for å skjerme det tandre fiskekjøttet. Då unngår du òg at det set seg fast på grillrista. Og sjølvsagt: Vi grillar over kol. Gass er ikkje lov.

Sidan eg hatar sjellause og standardiserte hotell, valde eg sjølvsagt å bu på ein liten riad i Essaouira. Inst i eit trongt smug budde eg for tusen kroner veka, og det jaggu i himmelseng som var utstyrt med eiga trapp. Eg vart Jeppe i sultanens seng, og der sov eg sannsynlegvis like godt som kong Mohammed III.

I fyrste etasje laga Fatima frukost til meg kvar dag, uansett om eg stod opp klokka ti, tolv eller eitt. Eller tre.

Essaouira heitte lenge Mogador, og ein eksotisk del av historia fortel at den lune hamna òg var tilhaldsstad for piratar. På slutten av sekstitalet blei byen eit populært hangout for hippiar, og treffer du dei rette langhåra personane, mimrar dei gjerne om då ein kunne kjøpe hasj i sekkar på marknader i Marokko.

Minne frå den tida finn du i gjerne i butikken L’Artistes, som sel musikkinstrument og (sikkert piratkopierte) trykk av Bob Marley, Jim Morrison, Mick Jagger og Jimi Hendrix. Jimi hadde visstnok hus der i byen, kanskje han òg deltok på det som blir kalla «Afrikas Woodstock»: den internasjonale Gnaoua-festivalen som kvart år samlar nær ein halv million menneske.

Gnaoua-musikarane spelar her gjerne saman med topp artistar innan rock og jazz, men eg har late meg fortelje at festivalen og hotella er fylte opp med pampar og very important persons, så det er små sjansar for den litle mannen i gata å finne seg ein plass å bu.

Elles er Essaouira absolutt ein god stad å finne svært vakre handlaga produkt i skinn og metall, og naturlegvis sko, vesker og tagine (marokkansk leirgryte med kjegleforma lokk). Dei forelska og eventyrlystne kan sjølvsagt òg gå på marknaden og plukke med seg nokre hekto berbersk «viagra express». Sidan det ikkje følgde med instruksjonar for bruk, stod eg over.

Dagfinn Nordbø

Dagfinn Nordbø er tekstforfattar og satirikar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Treffer du dei rette langhåra personane, mimrar dei gjerne om då ein kunne kjøpe hasj i sekkar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis