Mat
Italias Toscana
Ikkje for å seie noko stygt om naturen i Innlandet, men eg må seie eg føretrekkjer Italias originalversjon.
Når du kjem til Firenze for fyrste gong, veit du straks at du må tilbake. Eg har tidlegare fortalt Dag og Tid-lesarane om ein florentinsk biff eg fekk servert der, ei himmelsk oppleving som fekk meg til å straks tinge det same då eg besøkte byen for andre gong.
Men... så var det ikkje det same. Restauranten, kanskje med nye innehavarar, hadde falle for freistinga å spekke biffen med... brie! Uhøyrt. Ved neste høve skal eg forhøyre meg grundig om kjøkenfolket held seg på matta.
Eg budde i ei leilegheit på 250 kvadratmeter med heile taket som terrasse. Derfrå er det utsyn til heile byen og dei bølgjande toskanske åsane rundt, og om kvelden også det fyrig opplyste stadionet til fotballaget Fiorentina, altså ein definitivt god stad å nyte ein italiensk vin.
Eg ser stadig at den norske turistindustrien prøver å selje landsdelar som «Noregs Toscana», men eg kan vel ikkje heilt sjå at Hedmark og Oppland når opp. Ikkje for å seie noko stygt om naturen i Innlandet, men eg må seie eg føretrekkjer Italias originalversjon.
Frå sekstitalet kom det til eit kreativt opprør mellom vinbøndene i området Bolgheri. Loven kravde at vin måtte innehalde 80 prosent av den italienske drua sangiovese, men nokre vinbønder starta frekke eksperiment med dei franske cabernet sauvignon, merlot og cabernet franc.
Frekkleiken deira resulterte i nokre framifrå vinar, som etter kvart blei til den generelle nemninga supertoskanar. Loven vart etter kvart endra, så i dag er det faktisk påbode å bruke franske druer i distriktet Bolgheri.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.