JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MatFeature

I riket til Wittgenstein

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Wittgenstein spelte klarinett.

Wittgenstein spelte klarinett.

Wittgenstein spelte klarinett.

Wittgenstein spelte klarinett.

4729
20211022

Ludvig Wittgenstein

Ludwig hadde fire brør. Tre av dei tok livet av seg.

Då fyrste verdskrigen braut ut, melde han seg friviljug til ein av dei mest farefulle postane. Han sat gjerne i skyttargrava og skreiv dagbøker, men i kode i tilfelle han skulle bli tatt av fienden.

Det mest berømte sitatet hans er: «Det ein ikkje kan seie, skal ein teie om.» Eg vil råde alle til å gå på YouTube og søkje opp «M.A. Numminen sings Wittgenstein». Numminen er filosof, han med, og i tillegg artist med ubetaleleg finsk humor.

Eg kjem ut av flyet på Sogndal lufthamn, det er mørkt, og det blæs og ausregnar. Rett ved flytrappa står ein eldre kar i refleksvest og følgjer oss passasjerar vidare, og eg seier:

– Ja, men bra at det regnar, for da går jo strømprisen ned.

Karen svarer lynkjapt:

– Eg har no mine tvil om det.

Då veit eg at eg er i Sogn.

Høvet var det årlege Wittgenstein-seminaret som blir arrangert på Walaker Hotell i Solvorn, hotellet som har vore i drift sidan opninga i 1640. For å gi litt perspektiv på årstalet: Det året blir den første boka trykt i Nord-Amerika utgitt; det første kjende europeiske kaffihuset opnar i Venezia; 41 spanske delegatar til Nagasaki blir halshogde; Portugal lausriv seg frå Spania; Stattholdergaarden i Oslo er ferdig oppført.

Walaker Hotell er hus med historie, og det held seg særs godt. Bygningane er finpussa og vedlikehaldne ned til den aller minste kvadratcentimeteren, og kjøkenet er framifrå: Kveite frå Sognefjorden i pernod- og kvitvinssaus var berre starten, for her fekk vi servert det eine kulinariske lykkekastet etter det andre. Frukosten var himmelsk, med heimebakt brød nesten rett ut frå omnen, og sjølvsagt vel eg den lokale eplesideren i glaset.

Utsyn frå Wittgensteins hus ligg 50 meter over Eidsvatnet. Huset vert kalla «Austerrike».

Alle foto: Dagfinn Nordbø

Laurdag er det utflukt til filosofen Ludwig Wittgensteins hus i Skjolden, og lat det vere sagt: Vi forstår at han fekk fred til å skrive der. Stien opp dei siste to hundre meterane er så bratt at sjølv ei durkdriven fjellgeit ville hatt problem. Han er under ein halvmeter brei, med eit tau å halde seg i, og stupbratt ned på eine sida.

Det må innrømmast at underteikna ikkje er i sin ungdoms fysiske form, (ikkje minst er kroppsvekta fordobla), men eg klarte då å gjennomføre klatrebragda, som alle dei andre deltakarane, der fleire var fylt dei 80. Dagane deretter var eg lemster og støl i ei lang rekkje musklar eg ikkje ante eg hadde. Men det var så verdt det!

Når du kjem opp, får du ei visuell og historisk oppleving av dei heilt unike, med det nå freda huset, det enkle inventaret, omnen, kjøkenutstyret og endåtil filosofens eigen klarinett – og så den eventyrlege utsikta over Eidsvatnet. Eg tilrår dette på det mest hardnakka.

Vi var òg innom Eide Gard, der Wittgenstein budde før han bygde sitt eige paradis i fjellskrenten. Suppelapskaus med røykt sauekjøt og byggryn, flatbrød og gardens eigenpressa raudsaft – maten tok meg attende til barndomssomrane på Vestlandet, og lapskausen blei servert i suppeterrinar eg blei misunneleg på. Eg trur bestemt at middagsbordet mitt heime ville kledd ein slik suppeterrin.

Suppelapskaus på Eide Gard.

Suppelapskaus på Eide Gard.

Apropos kveita: Ho er jo kongen blant fiskar. Eg forstår meg ikkje på folk som puttar i seg oppdrettslaks når dei kan velje denne delikatessa av ein villfisk. Kokt, steikt, dampa, posjert – fiskekjøtet er så fast og nydeleg som det er råd å få det. Vårherre gjorde seg verkeleg flid med denne skapningen.

Finn du ei halv kveite som passar i steikeomnen din, skal du fylle langpanna med eit tjukt lag havsalt (kjøp ein firekilos pose), legge fisken oppå og så avslutt med enda eit lag havsalt. Nokon blandar inn eggekvite og krydder i saltet, eg synest ikkje det gir stor forskjell. Eg vil påstå at det er vanskeleg å oppnå eit mørare og saftigare fiskekjøt enn med denne saltbakingsmetoden. Saltet trenger ikkje inn i fisken, men dannar eit beskyttande lag som hindrar uttørring. Det blir stivt og kan brettast til side når fisken er ferdig bakt, og under loket – der finn du kveitehimmelen.

Kveite servert på Walaker Hotell.

Kveite servert på Walaker Hotell.

Å seie at Ludwig Wittgenstein var ein pussig skrue, er eit temmeleg grovt understatement. Som arving av Austerrike-Ungarns rikaste stålbaron var han ein av Europas mest velståande unge menn. Så donerte han bort heile formuen og gav seg over til filosofien.

Det meste som står att etter han av tekstar, skreiv han på hytta i Skjolden. Maten heiste bygdefolket opp frå fjorden med ein sinnrik gondolordning. Men nokre gonger måtte han gå seg ut på stien, og ved eitt høve fall han og braut eit ribbein. Replikken hans:

– Eg skulle kanskje gjort meg ei kone av det. Men kompetansen på å lage koner av ribbein er ikkje det den eingong var.

Dagfinn Nordbø er tekstforfattar og satirikar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Å seie at Ludwig Wittgenstein var ein pussig skrue, er eit temmeleg grovt understatement.

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis