JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MatFeature

Festivalmat

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I Vadsø fekk festivalmusikarane mat og drykk om bord i eit seglskip.

Foto: Dagfinn Nordbø

4606
20211217

Kongekrabbe

Kongekrabbe er også kjent under namnet kamtsjatkakrabbe og russarkrabbe, ein storvaksen krabbeart som høyrer til gruppa trollkreps.

I Fremmedartslista 2018 for Noreg og Svalbard er kongekrabbe vurdert som ein særs høg risiko, men han har likevel blitt ein viktig kommersiell art for norske krabbefiskarar i nordområda.

Kjelde: Wikipedia

I tidlegare tider var dei fleste festivalar til ære for gudar og helgenar. I dag er det eit langt meir mangfaldig omgrep. I Noreg vert det kvart år arrangert om lag tusen festivalar med smått og stort.

Ikkje at eg har vore på Rakfiskfestivalen på Fagernes, men som ihuga fan av halvroten fisk er eg sjølvsagt freista. Eg har høyrt at somme av gjestane der har med seg ein skarp ein på innerlomma for å få spare litt på skillingen, og det må da vere norsk kultur så godt som noko. Lommelerka er fotfolkets beste bolverk mot skyhøge alkoholprisar.

Sjølv er det kjenner eg best musikkfestivalane, som trufast benkeslitar på jazzfestivalar kvart bidige år sidan 1974. I ettertida har eg, i overmoden alder, byrja å fuske i faget med eit jazz-, poesi- og satireorkester, og festivalane er dei sikraste oppdragsgjevarane våre.

Smale ting som jazzpoesi og satire vil nok aldri bli framførte for mange titusen på Øya eller Wembley stadion, men festivalar med litt sponsorstøtte og offentleg velvilje i ryggen finn rett som det er på å sette oss på programmet. Dermed får underteikna og den framifrå pianisten og kontrabassisten min oppleve Noreg på sitt aller beste på høgsommaren, gjerne i juli eller august.

Slik gjekk det til at vi kom til Varangerfestivalen, som blei eit minne for livet. Sjølv har eg høyrt skrekkhistorier frå gamle dagar om musikarar som etter konserten måtte springe gatelangs for å få seg noko søppelmat i kroppen etter klokka elleve om kvelden, men dei fleste proffe arrangørar har det der på stell no, og vel så det: På Lillehammer varta arrangør Frank opp med braisert svinekjake og øl frå eige bryggeri. I Varanger fekk vi artistar til og med eit heilt eige seglskip til disposisjon, der det vanka både vått og tørt av høg kvalitet, og det nesten heile døgnet.

Å få nyte den nordnorske sommaren er eit mirakel i seg sjølv. Opplevinga blei kraftig forsterka av å sitje i et flott seglskip under den nordnorske sola og ete kyllingbryst og drikke vin saman med folk som Halvdan Sivertsen og De Lillos. Eg sat faktisk så nær Halvdan at eg ved sjølvsyn kunne konstatere at han ikkje har ti tusen tommeltottar. Han har berre to.

Og dette var berre byrjinga. Om vi ville vere med ut og fiske kongekrabbe? Jammen fekk medmusikantane mine og eg vår heilt eigne eksklusive ekspedisjon ut i fjorden med krabbeskuta «Miss Crosby». Der ute på det blikstille sølvhavet heiste fiskaren opp nota, sprellande full av havets eineherskande konge. Vel i hamn serverte fiskarmannen oss kongekrabbe naturell, altså med den heilage treeininga loff, majones og sitron. Slik skal det gjerast. Får du tak i herlegdomen fersk, kok klørne ti minutt i salta vatn.

Moldejazz er òg kjend for sine reint ut sagt skakande naturskjøne omgjevnader. Då festivalen i si tid blei starta opp av pionerane på 60-talet, blei det stor ståhei og hovudskakande opprør i jazzmiljøet i hovudstaden: «Hvordan i all fredens fader kan de stelle i stand jazzfestival der? De har jo verken flyplass eller vinmonopol!»

Men moldensarane klarte det. Ein kjem langt med litt kremmarånd, nokre vaklevorne sjøfly og kjærleik til blues og New Orleans-jazz. Det er ikkje få utanlandske stjernemusikarar som har late seg forføre av Romsdalsalpane i solskin, eller tøffande båttur til spekemat, øl og akevitt på den idylliske Hjertøya. Ikkje minst saksofonisten Dexter Gordon, som blei det ein må kunne kalle ein stor moldevenn, i den grad at «I og ’n Dexter» blei eit munnhell der i byen.

Kjend er også sjåføren som henta Miles Davis på flyplassen i det amerikanske dollargliset sitt, noko Henning Mankell endatil har skrive eit heilt teaterstykke om som går for fulle hus rett som det er. Det første Miles Davis spurde sjåføren om då han sette seg inn i den svarte Cadillacen, var: «Do you like my music?» «No!» small svaret. Sidan ville Mr. Davis aldri ha nokon annan sjåfør.

Som sagt – det finst ein festival for det meste no for tida. Lat meg til sist derfor fortelje at det i Italia finst opptil fleire tørrfiskfestivalar. Italienarar går i opptog gjennom gatene for å feire norsk tørrfisk. Eg kan vanskeleg tenkje meg noko vakrare.

Dagfinn Nordbø er tekstforfattar og satirikar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eg sat faktisk så nær Halvdan at eg kunne konstatere at han ikkje har ti tusen tommeltottar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis