Mat
Ein dag i Biot
Gnocchi med trøffel, servert på restaurant.
Foto: Colleen Barry / AP / NTB
Mange som lever av å skrive, har òg hatt ein ordentleg jobb. Somme av oss har vore ein tur innom reklamebransjen, og eg er ikkje noko unntak. Det er ein bransje som er stinn av pengar, der du lærer ein heil del. Ingen andre bransjar investerer så mykje pengar i hovuda til dei tilsette som reklamebransjen. Men – poenget er å kome seg ut derfrå i tide.
Lenge etter at eg var ute, blei eg tilfeldigvis kjend med ein av dei gamle reklameguruane, som i glanstida vann prisar i hopetal og gjorde veg i vellinga på alle måtar. Mellom anna starta han «Folkeaksjonen for Pilsen» då puritanarane truga med å fjerne pilsnerøl frå butikkane her i landet. Aksjonen fekk ved hjelp av éin enkelt annonse 200.000 medlemmer på nokre få dagar, og pilsen blei redda. Det kan vi takke Børre Werner for.
I fleire tiår stod han òg for dei elegante reklamane for Evergood kaffi og ein haug andre merkevarer. Men han selde seg ut i tide og investerte pengane i eit hus i nærleiken av Biot – ein herleg toetasjes villa med basseng, sitrontre og mimoser i hagen. Han brukar ringe meg tidleg i januar og seie: «Hei, det er Børre! Nå må du komme, Dagfinn, jeg sitter ute på terrassen med et glass vin, det er 22 grader og mimosen blomstrer!» Lite er meir freistande for ein blåfrosen nordmann som sklir rundt på hålka i hovudstaden, med begynnande influensa, slunken konto og lett depressivt humør. Dei mimosene fiksar humøret, og det gjer òg eit besøk i franske supermarknader.
Den vesle landsbyen Biot ligg på ein fjelltopp mellom Nice og Cannes og har ei dramatisk og spennande historie, men er i dag mest kjend for to ting: museet til ære for kubisten Fernand Léger og ein unik keramikk- og glasblåsarkunst. Å ta ein rusletur i gamlebyen er noko eg verkeleg kan tilrå. Det finst ikkje ein bil, alt er reint og velstelt, og det verkar som dei fastbuande ikkje gjer stort anna enn å stulle og stelle rundt huset, så det blir pittoresk, koseleg og Instagram-venleg. Å gå her er å vandre rundt i den provencalske historia, til dømes treffer du plutselig på Place de la Catastrophe, bygd til minne om to hus som kollapsa den 12. juni 1898.
Vil du handle vakre glas i sterke fargar, er Biot verkeleg staden, og det er også mogleg å blåse sine eigne under kyndig rettleiing. Du kan gå ein heil dag i Biot og berre beundre dørene, viss du vil. Dei er tatt særs godt vare på, og mange av dei er gud veit kor mange hundre år gamle. I byen og området rundt finn du sjølvsagt òg mange oliventre, eitt av dei er visstnok om lag tusen år gammalt, og sjølv det er ikkje så imponerande for eit oliventre.
I tillegg til kunstutstillingar byr Biot som alle dei andre byane ved rivieraen på festivalar av mange slag i sommarhalvåret. Eg blei misunneleg då eg såg plakaten om at eit av favorittbanda mine, Gong, nyleg hadde halde utekonsert der – Gong er eit av historias villaste, sprøaste og mest produktive progband.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.