JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MatFeature

Det eg snakkar om når eg snakkar om potetsalat

Eg forstår at folk går i butikken og fiskar med seg ei pakke ferdig potetsalat. Men sanninga er at du enkelt kunne laga han så mykje meir sexy sjølv.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Fine fennikelfrø gir god anissmak.

Fine fennikelfrø gir god anissmak.

Foto: Dagfinn Nordbø

Fine fennikelfrø gir god anissmak.

Fine fennikelfrø gir god anissmak.

Foto: Dagfinn Nordbø

4293
20240621
4293
20240621

Det er sommar og grilltid. Særleg i TV-ruta. Skrur eg på ein fotballkamp, må eg lide meg gjennom ein brottsjø av reklamefilmar om kjøt. Det er liksom ingen ende på kjøtsvolten, ein skulle tru me var i eit eventyr av Asbjørnsen og Moe.

Det er svin og det er lam, og det er storfekjøt i så himmeriks lange banar at dei stakkars vegetarianarane sikkert føler for å gå i hi. Og ferdige marinadar. Alt skal liksom vere så lett, men eg kan ikkje hugse sist eg kjøpte ein marinade eller, gud forby, ferdig marinert kjøt.

Eg skyr det som pesten, fordi det ikkje gir meg noka glede. Ja, eg veit at ikkje alle har tid til alt, særleg ikkje når me bur i eit land der me ikkje veit om grillvêret om ein halvtime vert erstatta av ei torebye.

Det eg saknar, er litt meir fokus på at det du lagar sjølv, alltid smakar så mykje betre. Det gir deg glede. Og ja, eg forstår at folk heller går i butikken og fiskar med seg tiltygget til grillmaten, til dømes ei pakke ferdig potetsalat. Sanninga er at du enkelt kunne laga han så mykje meir sexy sjølv.

Poteten er jo eit eventyr av ein knoll. Eg hadde fine små mandelpotetar på kjøl, og no skulle EM-kampane byrje, så då var det tid for gjengen for å samle seg framfor skjermen. Vi som vanlegvis ser fotballkampar i den engelske ligaen, kan igjen kome saman, lyge, skryte, prate skit og få i oss enkel husmannskost, denne gongen pølser. Til og med grille dei utandørs.

Så kom meldinga om dei sedvanlege regnbyene, og heile arrangementet måtte flyttast inn. Men det er ikkje noko problem om du berre har ei grillpanne. Med den kan du grille heile året, og eg investerte for nokre år sidan i ei av støypejern. Ho er god som gull! Og potetsalaten er jo det morosamaste å lage, så her får du oppskrifta på den eg laga denne gongen.

Eg lèt potetane trekkje varsamt eit kvarters tid, deretter ein halvtime utan vatn under eit klede og grytelok. Når dei har kolna, deler eg dei opp i tyggebitar. Skrelling er feigt. Utgangspunktet for salaten er så ei halvblanding av rømme og majones, men så hadde eg ei pakke feilkjøpt remulade, og den er jo kjempefin i potetsalat sidan han har litt meir syre og er søtare.

I ein stor bolle går remuladen og litt ekstra majones. Rør det saman med eit beger seterrømme. Så må du ha i ein kvart finsnitta purre og tre fedd pressa kvitlauk. For enda litt meir syre slår eg i eit par rause skeier kapers, inkludert litt av væska.

Eg likar at det bit litt, så eg finn fram ein sterk saus som er laga på jalapeños og ananas. No har eg salatsausen klar, han må berre blandast godt før eg har i potetbitane. Eit syrleg grønt eple er også framifrå, men ein av gjestene toler det ikkje, så då må det droppast.

Eg hugsar eg laga ein slik salat med eple til vener i Frankrike, og dei var breiddfulle av lovord. Og det skal seiast, franskmenn skryt ikkje av maten om dei ikkje meiner det.

Dette treng du for å kome til potetsalathimmelen.

Dette treng du for å kome til potetsalathimmelen.

Foto: Dagfinn Nordbø

Dette må stå og godgjere seg, gjerne på kjøl over natta, men nokre timar er også fint. Rør i salaten nokre gonger for å blande enda betre saman med potetane. Urter rakk eg ikkje å kjøpe før regnet kom, men kva gjer vel det når ein har fine fennikelfrø å strø over rett før servering? Den milde, gode anissmaken er heilt perfekt i potetsalat.

No, mine damer og herrar, har de tiltygg å vere stolt av. Vel, litt tid tok det, men kva gjer vel det? Å lage god mat til dei du elskar, er jo sjølve livet.

Vert det innegrilling, kan du også lage Nigellas superenkle tiltygg til grillmaten, om du har cherrytomatar. Dagen før deler du ein halv kilo av tomatane i to og legg dei i ei eldfast form med snittflata opp. Dryss over eit par teskeier flaksalt, ørlite grann kvitt sukker og ei teskei tørka timian. Signe så tomatane med to skeier olivenolje. Set fatet inn i ein omn som held 220 grader, og skru av varmen. La tomatane stå i omnen over natta, eventuelt frå morgonen til kvelden. Desserten blei frisk ananas og norske jordbær, naturell.

Då eg sette maten på bordet, byrja kampen – og Albania scora etter 20 sekund. Eg seier som radiomannen Jan Pande-Rolfsen: «Livet er herlig, dere!»

Dagfinn Nordbø er tekstforfattar og satirikar.

post@nordbo.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigrun Slapgard er forfattar og journalist og har skrive ei rekkje kritikarroste biografiar og dokumentarbøker, særleg om sterke kvinnelagnader.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Frikjend av Slapgard

Alle var på fornamn med statsministerektefellen Werna Gerhardsen på 1950-talet. Også KGB.

ArildBye

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Klår kulokk

Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis