JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MatFeature

Då eg møtte Jesus

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Mojitokanna til Jesus.

Mojitokanna til Jesus.

Foto: Dagfinn Nordbø

Mojitokanna til Jesus.

Mojitokanna til Jesus.

Foto: Dagfinn Nordbø

4525
20210305

Matmonsen

Dagfinn Nordbø elskar mat og reiser og skriv om det.

Alicante

Alicante er ein viktig hamneby og hovudstad. Romarane kalla byen Lucentum, «lysets by».

Like ved Alicante ligg den berømte (og berykta) turistbyen Benidorm, som blei starten på spansk masseturisme, initiert av diktatoren Franco. Benidorm tillét kvinner å gå i bikini på stranda alt i 1950, så Franco gjorde i alle fall éin prisverdig ting.

Alicante på den spanske kysten er byen titusenvis av nordmenn landar i med charterfly, for å bli bussa vidare til eit eller anna turistanlegg. Men vi kan droppe den vulgære masseturismen og heller utforske Alicante, som er eit nydeleg reisemål i seg sjølv. Til dømes den yndige litle gamlebyen med den vakre kyrkja og – ikkje minst – arkitektur, barar, delikatessebutikkar og restaurantar å døy for.

Av restaurantane vil eg nemne berre to, for då eg oppdaga dei, gjekk eg ingen andre stader: tapasrestaurantane Nou Manolin og Taberna del Gourmet.

Begge har den spanske raustleiken i rikeleg monn: eit heilt lite fjell av dagens friske og struttande grønsaker utstilte, eit syn som kan få kvar Rema-indoktrinert nordmann til å svime av av lykke, og dei stolte Joselito-spekeskinkene som heng og dinglar frå taket, av iberisk svin, himmelsk kjøt som fint kan utkonkurrere dei fleste parmaskinker kva dag som helst.

Du kan òg kjøpe skinka direkte frå restauranten, som eg sjølv også gjorde. Det skjedde etter eit iberisk herremåltid med tapas og raudvin, etterfølgt av nokre gargantuiske drammar av spanjolanes brandy Carlos Primero; spanjolane aner jo ikkje kva vi nordmenn må tole av gjerrigskap på brennevinet.

Gleda (og kanskje ein stigande promille) fekk meg til å dra visakortet så det sokk i kontoen. Det var nesten så banksjefen ringde meg.

Pata negra, spekeskinke av glade og frittspringande griser som er fôra opp på eikenøtter, er nemleg det eg skal tinge som mitt siste måltid, om eg skulle få tilbodet. (Vel heime i Noreg putta eg herlegdomen i kjøleskapet i plastfolie, noko eg ikkje skulle gjort. Pata-negraen mugna. Så det kosta meg eit par vekeløner å lære at slike skattar skal pakkast inn i papir.)

Er du i Spania, gå ikkje glipp av det vedunderlege pan con tomate.Slik lagar du det heime: Rist tjukke skiver av landbrød, som er pensla med olivenolje, på bakepapir i omnen på 120 grader. Snu dei halvveges. Del tomatar i to og riv dei på eit rivjern, fjern skinn og stilk, ha dei i ein bolle og tilset ei teskei salt. Gni dei rista skivene med eit delt kvitlauksfedd. Legg tomatblandinga oppå og topp med eit dryss olje og havsalt. Har du på eit par tynne skiver spansk spekeskinke, blir det om mogleg enda betre.

Gamlebyen i Alicante er eit lite paradis i seg sjølv. Spanjolane lever livet sitt i gatene, dei har jo klima til det. Å gå frå stad til stad her er ei himmelvidt mykje rikare oppleving enn å sitte på ein trist plaststol i turistgettoar som heiter Vulgario Del Mar og liknande.

Tilfeldig gjekk eg innom den litle jazzbaren Tasca El Coscorrón, og det var altså der eg møtte Jesus. Sidan eg sjølv fuskar i faget, var ordet jazzbar meir enn nok til å tiltrekke meg, og det nesten parapsykologisk André Bjerke-merkelege var at då eg såg kva innehavaren Jesus hadde skrive med tusj på ein lapp bak baren, stod det nøyaktig det same på spansk som eg sjølv hadde skrive i min eigen jazz-/poesitekst fleire år tidlegare: «Dette er min bar, og her er det jeg som bestemmer musikken!» (Frå Åssengårea?, 2011.)

Jesus, også kalla Chule, er ein mann du burde møte. Han dyrkar sin eigen lime og mynte og bruker dei i husets legendariske mojito. Jesus serverer drinken frå ei gedigen sølvkanne, eller ho ser ut som sølv, meir enn godt nok for meg, og det heile er ein fest frå ende til annan.

Staden er litt grotteaktig, som ein jazzbar skal vere, to trappetrinn ned, metertjukke steinveggar og rustikt interiør, og absolutt kvar einaste kvadratcentimeter er tagga ned – av bargjestene sjølv.

Jesus utdanna seg til lege, fordi det var farens ønske. Då utdanninga var ferdig og autorisasjonen som dokter var klar, gjekk han heim til far sin, leverte han papira i handa og sa:

– No har eg gjort som du ville. Her er provet. Men no gjer eg det eg vil: opnar ein jazzbar.

Slik oppstod Tasca El Coscorrón, og Jesus har sidan aldri praktisert som lege.

Eg skal til Alicante igjen.

Dagfinn Nordbø

Dagfinn Nordbø er tekstforfattar og satirikar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Pata negra, spekeskinke av glade og frittspringande griser som er fôra opp på eikenøtter, er det eg skal tinge som mitt siste måltid.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Stridsvogner øver på å slå attende kinesiske landgangsstyrkar på Penghu-øyane i Taiwansundet.

Foto: Taiwan Military News Agency / Taiwan's Defense Ministry / AP / NTB

UtanriksSamfunn

Starten på ein storkrig?

For tida bur eg i eit fredeleg, demokratisk og velståande land, som risikerer å utløysa den neste storkrigen i verda.

HalvorEifring

Brussel-buarar på Place de la Bourse, børsplassen i sentrum av byen, heidrar offer for islamistsjølvmordsbombarane på Zaventem-flyplassen og Maelbeek metrostasjon i mars 2016, der til saman 32 menneske miste livet.

Foto: Peter Dejong / AP / NTB

Samfunn

Jihadismen lever

Tenåringar blir rekrutterte til terrororganisasjonar. Svenske kriminelle nettverk utfører aksjonar i Skandinavia for Iran. Nye konstellasjonar oppstår blant ekstremistiske grupper.

Ole JanLarsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis