Mat

Blues og tradisjonar

Båten er heilårs bustad, musikkstudio og iskald om vinteren.
Båten er heilårs bustad, musikkstudio og iskald om vinteren.
Publisert

For nokre år sidan fekk eg ein draumejobb av NRK P1: Reiseradioen hyra meg inn for å skrive aktuelle, satiriske låtar på svensk – à la Cornelis Vreeswijk. Alle songane blei framførte live på radio av den dyktigaste Vreeswijk-tolkaren vår, Yngve Fritjof Kristiansen.

NRK slo i eitt høve på stortromma og flaug inn Vreeswijks eigen bassist Owe Gustavsson og gitaristen Conny Söderlund, som båe turnerte med Cornelis i ti år. Tenk – backingmusikarane til Cornelis øvde på min låt – i mi eiga stove! Eg har vel sjeldan vore så starstruck.

Litt seinare reiste eg til Stockholm i lag med Yngve og besøkte venen hans som hadde gjort noko særs spesielt: Han selde stockholmsbustaden sin for å flytte inn i ein slepebåt. Der innreia han bustad og musikkstudio. Båten var med på landgangen i Normandie i 1945(!).

Besøket vårt var i mars, og temperaturen var absolutt ikkje optimal, særleg ikkje når varmeanlegget under fordekket var kaputt – og der skulle Conny og eg sove. Ved hjelp av nokre hundre ullteppe overlevde vi likevel. Conny hadde sjølvsagt med seg gitaren og kom direkte frå såkalla tedans, som er svært populært i Sverige: mat, drikke, levande musikk og dans midt på blanke formiddagen.

Conny var legendarisk. Som 20-åring hadde han ein tilfeldig spelejobb i Argentina, noko som resulterte i at han turnerte heile Sør-Amerika dei neste ti åra. Mykje av den latinamerikanske grooven ein finn i musikken til Cornelis, er takk vere Conny.

Det fanst kjøkken i båten, men for oss var det obligatorisk med eit besøk på Den Gyldene Freden i Gamla Stan, ein historisk restaurant som kan skilte med gjestar som Carl Michael Bellman, Jussi Björling, Evert Taube, Fred Åkerström og naturlegvis Cornelis.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement