Mat

Mat som medisin

Sjukehusmat utan smak.
Sjukehusmat utan smak.
Publisert

Maten skal vere medisinen din, og medisinen skal vere maten din, har nokon sagt. Difor vert eg opprørt kvar gong eg les om stoda på mange sjukeheimar her i landet. Sist var det ei historie om at dei stakkars gamlingane hadde eit kostøre på 50 kroner dagen. Kva får ein for 50 kroner? Jo, middelmåtig brød med sveitt eller iskald gulost, og dei temmeleg tragiske sakene som iblant blir avbilda i media, såkalla fårikål som er berre nokre slintrer i brun saus, til dømes.

Er det takken for å byggje landet? Mat på institusjon burde vere delikat, næringsrik og freistande. I staden ser vi at mange sjukeheimsbuarar er underernærte, og det kjem sjølvsagt av – det trur no eg – at matstellet er for dårleg.

Ikkje har eg budd på sjukeheim, men eg veit nok om institusjonar til å konkludere med at avgjerder ofte blir tatt langt unna pasientane. Maten kjem gjerne frå eit sentralkjøken mange kilometer unna og blir frakta med bil til diverse mottakarar i regionen. Nylaga mat – det kan du berre gløyme.

Men har det berre med pengar å gjere? Kanskje ikkje. Problemet er strukturelt. Då eg var i Thailand i 2019, sat eg litt for lenge utandørs med datamaskina og jobba, og beina hovna opp i varmen. Særskilt venstrebeinet blei etter kvart på storleik med ein velvaksen tømmerstokk, så eg drog av garde til eit sjukehus som forsikringsselskapet mitt tilrådde.

Det var eit privat sjukehus der eg fekk eit drusteleg einerom og ei fullt utstyrt naboleilegheit attmed – med bad, kjøkkenkrok og soverom, som var meint for familien til pasienten. I Asia er det ofte vanleg at familien er til stades heile tida når ein person blir innlagd. Som sagt, ei materielt sett luksuriøs oppleving, sett bort frå det trasige med at ein bakterie eg ikkje vil vite namnet på, hadde tatt seg rette i kroppen min, heilt utan å bli invitert.

Infeksjonen blei så motarbeidd ved å dytte meg full av det som kunne sjå ut som Søraust-Asias samla produksjon av antibiotika, både gjennom intravenøse slangar og i pilleform.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement