JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Masta reiser seg att

Det fins noko som heiter høveleg store utfordringar. Ofte er det det same som at noko akkurat går om ein gjev alt ein har.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nylimt: Masta er nyleg skøytt. Salo van de Vooren (t.h.) og Asle Espeseth strammar opp beslaga.

11765
20180706

Galeasen Svanhild

Svanhild vart bygd i Surnadal av konstruktøren Jon Børve og byggaren Jo Sjøtrø i 1889.

Ho gjekk i lastefart langs kysten fram til 1976, fyrst som einmastra jakt, så som tomastra galeas og sist som motorskip.

Svanhild vart kjøpt av ekteparet Oddbjørn Hovland og Berit Kjeldsberg i 1983, restaurert og send på jordomsegling i tre år.

I 1995 vart båten overtatt av Stiftinga Svanhild og restaurert antikvarisk attende til slik ho var i 1926.

Jakta har ei lengde på 76 fot, tonnasje på om lag 120 tonn og 400 kvadratmeter seglareal fordelt på ni segl.

Kven kan segle utan mast?

Ein serie om å prøve å skøyte ei galeasmast
på tre månader for å få ei gamal skute klar
til å segle til Shetland innan 17. mai.

Del 3

Kva er det einaste som er sikkert i eit byggeprosjekt?

Jau, at noko ikkje kjem til å gå etter planen. Difor trippar vi litt der vi står i vertshallen og plukkar på den todelte stormasta og grovdreia mastetoppen vår. Det er 4. mai, og vi ventar på Salo van de Vooren, handverkaren og riggingeniøren som skal sy (eller meir nøyaktig høvle og lime) det heile saman.

Om tolv dagar, 16. mai kl. 14, kastar vi loss for Lerwick, Shetland. Etter planen skal nyskøytt mast stå i kjølen 10. mai. Det gjev oss fire heile dagar på å få alt av rigg og segl på plass. Det skal gå akkurat, men så mange forseinkingar har vi altså ikkje tid til.

Likevel høyrer vi allereie den fyrste utfordringa tromme mot taket. Det regnar. Ikkje noko nytt i Florø, men likevel problematisk: Vi skal sette ein heilt ny topp på masta. Skøytinga skal gå diagonalt i ei lengde på om lag tre meter, og vil til slutt verte halden fast av tre jarnbeslag som allereie har sin funksjon i riggen (jager-, klyver- og piggfallbeslag), men det held sjølvsagt ikkje aleine. Det må lim til. Epoksylim. Og epoksy må ha det tørt og varmt for å feste skikkeleg. Kor tørt er det mogleg å få det i ein hall som òg inkluderer ei dokk?

Vel, den tid, den sorg. Fyrst skal emna tilpassast. Dei to skøytane må høvlast til slik at dei ligg heilt inntil kvarandre på heile flatene. Så må vi lage ein jigg som held delane stødig på plass medan limet tørkar: Herdetida er eitt døgn i minimum 20 grader. Etter det skal den nye mastetoppen høvlast og formast til – før masta skal oljast, beslag og rigg hengast på og heile opplegget heisast på plass i skuta som ved den tid vil ligge i dokka.

Salo van de Vooren skal gjere hovudarbeidet med masta, eg og Asle Espeseth frå veneforeninga har tatt oss fri for å hjelpe til på fulltid, og fleire andre vil bidra med det dei har tid og høve til. Stemninga er spent og god i det Salo går i gang med å sage til emna – og nærast med ein gong finn meir ròte og fukt i den gamle mastebiten: Vi trudde vi hadde grave ut det som var, men det hadde vi visst ikkje.

Det er problematisk av to årsaker. For det fyrste fordi vi ikkje har nokon garanti for at ròten ikkje spreier seg vidare. For det andre fordi han er våt og difor ikkje vil feste seg i limen.

Dei våte bitane må gravast ut og ny, tørr ved må laminerast inn. Imens bygger vi telt kring arbeidsstaden av stillas og presenning. Asle sveisar beslag til limeprosessen og eg fyk kring på butikkar etter alt mogleg vi kjem til å trenge – avfuktar og kappskiver av alle dimensjonar og mutrar og gjengestål og bor og langlenka kjetting i galvanisert stål og – jammen skal vi vere glade vi har lokal industri i Florø. Kva skulle Svanhild gjort utan saumverksemder som kan sy mastekragar av tjukk seglduk, ventilasjonsverksemder som kan lodde blyplater nett slik vi vil ha dei, verft som stiller med god plass og tilnærma open verktøysbod, skipselektrikarar, skipsmekanikarar og kranfirma som hjelp oss kvar gong vi treng noko løfta av eller på? Skuta hadde vore temmeleg hjelpelaus.

Inne i teltet har Salo byrja å tilpasse dei to skøytane til kvarandre. Nett som då vi oppdaga ròten, er den viktigaste reiskapen (i tillegg til dei han har i hendene) øyra: Når ein legg dei to delane mot kvarandre og bankar, høyrer ein kor treet ligg mot kvarandre, og kor det er luft mellom. Det er å høvle, rulle saman, banke, rulle frå kvarandre og høvle meir.

Tida går – men det gjer arbeidet òg, og etter eit par dagar er vi klare for å blande lim. Her har vi berre éin sjanse: Epoksy har ikkje angreknapp. Derimot har den typen vi nyttar, ei brukstid på ein knapp halvtime. Får vi ikkje dei to delane rett innan den tida, er det mykje arbeid som må gjerast om.

Som tidlegare nemnt er det berre éin plass masta er gjennombora: Det sit ein klinka bolt gjennom begge kinnbakkane som held oppe den ståande riggen. Skøyten ligg over dette hòlet, og gjennom er det sett ein mellombels treplugg. Planen er å træ mastetoppen ned på den. Tre beslag er sveisa saman i tillegg til dei tre vi allereie har.

Utfordringa er lengde og høgde: Dei to trestokkane er kring 30 meter lange til saman. Om eine enden ligg ein centimeter for høgt, vert det ganske mange grader feil vinkel inne ved skøyten. I tillegg veg dei nokre hundre kilo for mykje til at det berre er å hive rundt på dei utan å planlegge fyrst.

Når alle tilpassingar er klare, går likevel det heile så raskt at eg ikkje heilt får med meg kva som skjer: Plutseleg har vi løfta mastetoppen, smetta han inn på trepluggen og stramma til beslaga. Limet boblar og renn. Vart det bra? Det ser slikt ut. Svaret får vi om eit døgn. Vi set på det vi har av omnar inne i teltet, pakkar og stenger og kryssar fingrar og tær.

Ventetida nyttar vi til laust og fast. Salo van de Vooren må kunne kallast eit levande jakteleksikon som det gjeld å få mest mogleg ut av medan vi har han – oppvaksen som han er på og med restaurering av hardangerjakter, og med ein far (Hans van de Vooren) som var ei av dei viktigaste årsakene til at fleire av skutene framleis finst.

Det er ikkje til å kome ifrå at saknet etter ein læremeister elles er der. Skilnaden på å jobbe med og utan ein meister er som natt og dag. Ein lærer mykje av å prøve og feile, men det er ingenting mot å ha nokon å spørje – sjølv om eg ikkje alltid får svara eg vil ha.

Eg har nett smurt alle mesanvanta om bord med lappsalve og byrja med same stoff på vanta til stormasta, som er spent opp ved sida av masta. Ein herleg grisete jobb: Å varme opp ei blanding av fåretalg, tjære og linolje gjev ny meining til ordet grovkjøkken.

Lappsalve er ei heimelaga tjæreblanding. Utgangspunkt for oppskrifta fann eg i ein gamal vedlikehaldsplan for Svanhild: 80 prosent tjære og 20 prosent fåretalg. Eg synest likevel det høyrest ut som mykje talg, og byter ut halvparten med rå linolje – for å få det heile til å tørke litt fortare, kanskje.

Salo skjøner likevel ikkje kva eg skal med fåretalg i lappsalven: Talget herdar ikkje, hevdar han, og vanta vil vere klissete lenge. Linolje ser han heller ikkje heilt meininga med. Det er ein strek i rekninga, men ingenting å gjere med.

Neste dag opnar vi presenningen inn til teltet, og konkluderer fort med at her har det i det minste vore varmt nok. I det vi fjernar beslaga, vert vi ikkje mindre nøgde: Liminga har gått bra, og vi har ei heil mast att. Laminatet er under ein millimeter og heilt jamt. Ingen hòle lydar der innanfrå. Ein milepåle er nådd.

Men før vi har ei fungerande mast, må ho høvlast i form. Den gamle masta er skikkeleg skeiv: Ho luter både framover og til styrbord. Utfordringa for Salo er å ta ut litt av denne skeivheita utan å miste heilskapen i masta. Det går ein dag eller to med å høvle, sikte, snu – høvle, sikte, snu og så bortetter. Emnet som såg så stort ut då det kom, er med eitt ikkje større enn det må vere – kanskje til og med litt for lite for å få med alle krummingar heilt til topps.

Ein heil dag går eg fram og attende på betonggolvet og strekker ut løpande rigg: Trekker tau gjennom blokker og prøver å sjå føre meg korleis det skal verte når det ein gong heng vertikalt frå masta. Eitt tau skal gjennom seks blokker, og dersom berre éi av dei er feil, må alt gjerast om, eg trær og trær om att og klør meg i hovudet – ifylgje mobilen har eg gått 19.000 skritt før eg er nøgd, men gudane veit om det eigentleg er riktig.

Samstundes samlar veneforeninga troppane. Karianne går fram og attende minst like mange steg og oljar og oljar – fyrst får 40–50 strøk med rå linolje trekke inn, før nokre lag med kokt linolje skal verne overflata. Asle og Aage tilpassar jarnbeslaga som held riggen, Joakim bankar saman bomstolen, Normann spleisar tau som vi skal surre seglet med, Jorunn hjelper meg å henge riggen opp på masta og muse krokane med wire, slik at dei ikkje dett av att – kort sagt: det surrar og går. Dette er på eit vis den perfekte dugnaden – eit konkret og ambisiøst, men oppnåeleg mål som må nåast innan ein tidsfrist. I tillegg hjelper det sjølvsagt på at kvar dugnadstime gjer turen til Shetland ein hundrelapp billigare.

Og plutseleg, nesten ikkje noko forseinka, kjem augneblinken då alle tusen hindringar er overvunne: Det er vatn i dokka, og Svanhild ligg ved kai – forhalt med kring tjue centimeter klaring rundt to supplybåtar så svære at Svanhild ser ut som ei fyrstikkeske – vi har kranførar og liftførar og ein plan for korleis masta skal heisast om bord, sjølv om det eigentleg er litt for høg flo, og lokalavisjournalistar og ferdigsmurde blingsar frå bakeriet, og det siste Asle gjer, er å felle inn ei blokk for flagglina og træ lina gjennom – for høgt der oppe skal flagget henge når masta no om berre nokre timar er på plass.

Salo og kranførarane spenner to stroppar kring masta, slik at ho balanserer horisontalt under dei to traverskranane. Så byrjar dei å løfte, og det er som masta flyg sakte, sakte gjennom lufta. Over vatnet i dokka svingar dei ho opp i ståande, og det ser ein lang augneblink ut som ho skal sleppe og rase i sjøen, men ho gjer sjølvsagt ikkje det, i staden vert ho løfta inn over dekk, og vi spring alle saman om bord for å hjelpe ho på plass der ho skal, fyrst gjennom hòlet i dekket, Salo går under dekk, og masta vert låra – det er eit spor i kjølsvinet som heile tonnet med mast og rigg skal treffe akkurat på millimeteren, og det gjer ho – «ho smatt rett på plass», seier Salo og er glad, og vi er alle glade, vi kilar opp masta mellombels mot dekket slik at ho står rett både framover og bakover og til babord og styrbord, så koplar vi frå den siste kranen, og der står ho.

Der står ho. Journalisten frå lokalavisa ber meg juble for kamera. Det burde vere enkelt – eg burde hoppe i taket av glede og stoltheit, og gjer det sjølvsagt litt. Men samstundes er det umogleg å ikkje sjå alt arbeidet som står att. Dekket er fullt av rot og tauverk. Kring masta heng blokker, meir tau og rigg som må festast og strammast. Spreidd ut over ein pall ligg dei kring tjue mastekilane som kvar har sin særlege plass, men som ikkje vart merkte då vi tok dei av. Det vert litt av eit puslespel. Over dei skal det kome ein mastekrage som er sydd på, men må tjærast og festast til dekket med eit blybeslag. Segla skal på. Fire dagar til avreise.

– De kjem nok i mål, men de har ikkje meir enn tida og vegen, seier Salo van de Vooren før han reiser. Han slår meg på ryggen og smiler:

– Slik er det alltid. Båtfolk må vere optimistar.

Vel utmanøvrert frå dokka og på veg attende til vår faste kaiplass i sentrum er tida endeleg inne: Vanlegvis plar vi ha det i mesanmasta, men det er sjølvsagt ikkje eit alternativ i dag. Eg heiser flagget til topps i den nye stormasta, og det fyk opp som det ikkje skulle gjort noko anna. No ventar Nordsjøen, og det vert jammen spanande.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eg burde hoppe i taket av glede og stoltheit, og gjer det sjølvsagt litt. Men samstundes er det umogleg å ikkje sjå alt arbeidet som står att.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis