Bok
Mange liv for éi kvinne
Alle dagers ende er ein teknisk briljant roman der alternative lagnader speglar sentrale aspekt ved 1900-talet i Europa.
Den tyske forfattaren Jenny Erpenbeck er aktuell med roman nummer to omsett til norsk.
Foto: Katharina Behling / Oktober
I filmen Skjebnens luner av Krzysztof Kieslowski er det tre ulike forteljingar som alle byrjar med at ein ung mann spring etter eit tog. Han når det i den første bolken, når det ikkje den andre gongen, når det att den tredje, og kvar gong utviklar dei vidare hendingane seg, med same hovudperson og i same tid, i ulik lei. Som presten ville ha sagt: Slik er det jo også med oss menneske. Der er så mange små og store hendingar som kan skipla lagnaden.
Alternative framhald
Den tyske forfattaren Jenny Erpenbeck kjem no med den andre boka si på norsk, Alle dagers ende frå 2014, og ho presenterer også alternative framhald, denne gongen for ei jente i Austerrike-Ungarn. Det første livet vert kort, jentungen døyr av sjukdom berre åtte månader gamal, og mora kan ikkje fri seg frå tanken på at ho kunne ha berga barnet, det skulle kanskje ikkje så mykje til. Mora er dotter av enka etter ein rik kjøpmann, og ho flytter heim at til mor si og butikken etter at barnet døyr, og barnefaren har fordufta.
Her kan lesaren kjenna seg klokare enn personane i boka, for dei veit ikkje at mannen etlar seg til USA. Dette hender ein gong tidleg på 1900-talet, og etter kvart byrjar den brått både mannlause og barnlause unge kvinna å fantasera om korleis alt hadde vore om ikkje det forferdelege hadde skjedd. Det høyrer til soga at ho er jøde, og at mannen som stakk til «junaiten», ikkje var det.
Fleire liv
Litteraturen er ein gribb som livnærer seg av liding, naud og undertrykking. Han er allergisk mot idyll og harmoni. Såleis er det jødiske aspektet av stor litterær interesse, så lenge det ikkje representerer makta, men den makta går ut over, og der var det jo mykje å ta tak i, særleg i den første halvdelen av 1900-talet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.