Sport
Målmannen, målvakta og keeperen
Kjell Kaspersen vaktar målet i ein landskamp i 1967. Utan hanskar, men med lue. Keeperhanskar vart fyrst vanleg i 70-åra.
Foto: Arild Hordnes / NTB scanpix
Før i tida var det gjerne slik at det var han med dårlegast teknikk eller han som var latast, som vart peika ut til å vere keeper. Frå den dag stod han bak der og passa på, og så vart han kanskje god etter kvart, eller drit lei. Lei vart han kanskje fordi rolla til keeperen før kunne vere noko passiv, då mesteparten av jobben gjekk føre seg mellom stengene og ikkje like mykje utover banen som nå.
Jobben til keeperen var å redde skot og huke inn høge innlegg, han skulle også organisere forsvaret og sette i gang spelet. Ein moderne keeper, derimot, skal helst vere endå betre på det siste, slik fungerer han meir som ein ekstra forsvarsspelar. Overblikket til dei beste keeperane i dag minner om det ein god midtbanespelar har. Med kreative, presise pasningar kan han skape eit målgjevande angrep. Ved å røre seg lenger framme på banen kan han vere med på å skape farlege overtalssituasjonar. Alt dette krev at han er ekstremt teknisk sikker og at han treffer på pasningane sine. Dei få sekunda før motstandarane er der, gjer han sårbar. Difor må den moderne keeperen også ha nervar på høgt nivå.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.